Hopp til innhold
X
Innhald

Strandsitjarstaden Vikøyri

Vikøyri i 2007 med veg framfor nausta. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vikøyri i 2007 med veg framfor nausta. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ved sida av Lærdalsøyri, er Vikøyri den best bevarte strandsitjarstaden i fylket.

Restar etter liknande strandsitjarstader kan ein finna i Sogndalsfjæra (sjå Historia i Sogndal), Lærdalsøyri (sjå Strandsitjarar og handverkarar i Lærdal), og i Hola på Nordfjordeid (sjå Strandsitjarane).

Den tette klynga på kring 60 småhus vart reist på almenningsområdet som bygda hadde nede ved fjorden, på vestsida av elva Vikja, og aust for elva på Vetleøyri eller Seimsøyri.

Vikøyri vart utbygd på 1600-talet, første gong nemnd i 1611. I 1801 hadde det utvikla seg til ein liten landsby med 262 småkårsfolk, i 1900 var det 464 personar og i 1960 549 personar. Etter 1960 har folketalet gått sterkt ned.

Vikøyri ca. 1920. © Vik lokalhistoriske arkiv.

Vikøyri ca. 1920. © Vik lokalhistoriske arkiv.

Leigearbeidarar på gardane

Strandsitjarane på Vikøyri livberga seg som innbyggjarar på tilsvarande tettstader elles i fylket på leigearbeid kringom på gardane. Der fekk dei også leige ein liten jordlapp til å dyrke litt poteter og grønsaker sjølve. I uthus og bislag på dei små husa på Vikøyri kunne dei fø ein gris, og hadde kan hende eit par sauer og nokre høner.

Elles var fjordfiske viktig matauk for strandsitjarane, og det var hevd at dei kunne hente seg ei bøtte sild når det vart kasta på fjorden.

Hus på Vikøyri. Teikning frå 1889 av Peter Andreas Blix.

Hus på Vikøyri. Teikning frå 1889 av Peter Andreas Blix.

Mange handverkarar

Utanom gardsarbeid, livnærte mange strandsitjarar seg av ymse handverk, eller var mannskap på jektefarten til Bergen. Andre starta med handel, og sleit seg etterkvart ut av armoda. På Vikøyri var det i 1801 fire skomakarar, to smedar, to snikkarar, og ein jordlaus husmann er ført opp som «korgbindar». Her fanst ein skysskaffar, og her budde også ein vektar (ein slags lokal politimann) og eit par underoffiserar med tilknyting til Vikamoen.

I 1895 vedtok kommunestyret at folk som budde på Vikøyri, ikkje måtte huse «innerstar» - dvs. fattigfolk på legd - og i 1905 vart det sett kommunalt forbod mot å huse «omstreifarar» i almenningen.

Hus på Vikøyri på 1930-talet, m.a. ein skomakarverkstad. Foto: Per Breilid. © Fylkesarkivet.

Hus på Vikøyri på 1930-talet, m.a. ein skomakarverkstad. Foto: Per Breilid. © Fylkesarkivet.

Storbrannar herja Vikøyri

Vikøyri vart stygt herja av brannar i 1838 og 1922 (sjå :Ulukker i Vik). Før riksvegen gjennom sentrum vart lagt langs stranda, låg det ei lang naustrekkje som strekte seg frå dampskipskaien til elva Vikja. Det meste av denne er no borte. Mange av småhusa på Vikøyri er i dag tekne vare på som feriebustader.

Fjerna glorete reklame

Tidleg på 1990-talet vart det i Vik, som første kommune i Sogn og Fjordane, starta ein aksjon for å ruste opp sentrum og få eins politikk for reklameskilting. Lysreklame vart fjerna, og i staden vart firmanamn måla på fasadane.

Frå Vikøyri i 2007. Båtane ligg på innsida av riksvegen, men kjem ut i fjorden via ei renne under vegen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Frå Vikøyri i 2007. Båtane ligg på innsida av riksvegen, men kjem ut i fjorden via ei renne under vegen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.06.2011