Hopp til innhold
X
Innhald

Teiste-ætta kjem til Kroken

Av dei sju borna til Hans Kruckow, vart dottera Anna gift med lågadelsmannen Jon Olafson Teiste. Han kom frå ei ætt som vi også finn på: Adelsgarden Fet i Indre Hafslo.

Jon og Anna busette seg i Ytre Kroken, og då Jon Teiste døydde i 1555, gifta Anna seg opp att med ein adelsmann som heitte Anders Nilsson, og som visstnok høyrde til adelsætta Tordenkrans. Sonen frå dette andre ekteskapet heitte Jon Anderssøn, som tok ættenamnet Teiste, sjølv om han ikkje hadde sit opphav derfrå. Jon Anderssøn Teiste er nemnt som eigar av Indre Kroken kring 1593, der han truleg busette seg.

Futen drap Jon Anderssøn Teiste

Futen drap Jon Anderssøn Teiste

I 1607 fekk ein seinare ætting av Teiste-ætta i Kroken, Jon Anderssøn Teiste, ei dramatisk avferd frå denne verda: Han fekk vitjing av den illgjetne futen Gjøde Pederssøn frå adelsgodset Kaupanger. Under opphaldet i Kroken, skal Gjøde Pederssøn ha fekta med ein pistol. Skotet gjekk av og råka Jon Anderssøn Teiste. Han døydde nokre dagar seinare av skadane.

Gjøde Pederssøn vart tiltala både for denne hendinga og eit drap på Bryggen i Bergen, men slapp fri.

Gifta seg opp att

Etter at futen hadde gjort ende på Jon, gifta enkja Øllegaard Pedersdotter seg opp att - først ein gong med futen Peder Frost som då budde i Dale i Luster. Og då han var ute av verda, gifta ho seg med futen Simen Nielssen, som kom til Kroken kring 1615. Denne futen var ikkje av adelsætt, for han måtte svare skatt frå eigedomane sine - noko som adelsætta slapp på den tida. Simen var elles busett både på Fet i Hafslo og i Solvorn, og vart dømd for underslag og avsett frå embetet i 1632.

Heiberg-dotter til Kroken

Men Øllegaard hadde barn frå ekteskapet med Jon Anderssøn Teiste, og sonen deira, Jan Jonson Teiste, vart i byrjinga av 1600-talet eigar av Kroken, som no var samla igjen til ein gard. No vert også den kjende Heiberg-slekta blanda inn i ættebanda i Kroken, for Jan Jonson Teiste gifta seg med syster til sorenskrivar Anders Heiberg, som budde på garden Talle på vestsida av Lustrafjorden. Heiberg-slekta var ikkje adeleg, og med dette giftarmålet med Mette Søffrensdatter Heiberg mista også Teiste adelsprivilegia sine.

Då Jan Jonson Teiste døydde, gifta Mette seg opp att med ein rikmann frå Bergen, Bernt Berntson Nagel. Han høyrde til ei slekt som vi m.a. seinare finn att som store jordeigarar fleire stader i Sogn, og som futar på Svanøy i Sunnfjord - sjå: Ny stordomstid under futane Nagel. Kroken var i Teiste-ætta si eige heilt fram til 1729. Då skranta det på økonomien, og den rike Lærdals-presten Hans Leyrdahl kjøpte eigedomane.

Nokre av Teiste-folket flytta til Danmark, men ei kvinne som heitte Maren Teiste gifta seg med handelsmannen Zacharias Davidsson Svaboe på Årdalstangen. Sjølv om ho flytta frå garden, sat ho framleis med odelen på Kroken.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.03.2011