Teoriar om kvar Losna-ætta kom frå
Mykje tyder på at Losnaætta kan ha vore ei lokal storætt lenge før 1300-talet. Lokalhistorikar Ivar Kleiva meiner å finne prov for at ætta stammar frå St. Clair-ætta på Færøyane, og at kong Sverre etter slaget ved Fimreite i 1184 sette inn ein frå St. Clair-ætta som sysselmann i ytre Sogn. Denne kan så vere den tidlegaste ættefar til Losnaætta, meiner Kleiva.

Han viser til at familievåpenet til Losnaætta er det same som for St. Clair-ætta, og kan finnast att på ein kyrkjestol på Færøyane. Denne kyrkja vart bygd av ein biskop Erlend ca. 1268-1309.
Stamfar på Osland
Den eldste sikre stamfaren til Losnaætta budde på Osland på sørsida i noverande Høyanger kommune. Han heitte Filippus Erlendson til Odensland. Men han var gift med Ingebjørg Erlandsson, som svært truleg kom få ei gamal, velståande slekt med tilhald på Losna. Sonen deira, Erlend Filippsson til Losna vart riksråd (statsråd), fehirde (skatteoppkrevjar) i Bergen og sysselmann i Nordfjord. Også sonen Eindride Erlendsson og sonesonen Erlend Eindrideson vart riksrådar, fehirdar i Bergen og høvedsmenn på Tønsberghus.
Denne første ætterekkja døydde ut på mannssida midt på 1400-talet. Derimot er det mogeleg at Eindride Erlendson sin andre son, Filipus Eindrideson, arva store jordegods som gjekk inn i slekta Rosenkrantz sine eigedomar ved inngifte.
Les meir om Losna-ætta.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 28.11.2008