Hopp til innhold
X
Innhald

Tidleg fråhaldsrørsle

Alt i 1844 fekk sokneprest Ole Christian Berner (prest i Sogndal 1842-1850) starta eit fråhaldslag i Sogndal. Dette var femten år før Asbjørn Kloster skipa den første norske totalavholdsforeninga i Stavanger i 1859.

Vi kan berre tru at det var all drukkenskapen og elendet som presten såg i fattigkvarteret Sogndalfjøra som fekk han til å skipe det lokale fråhaldslaget.

Ikkje totalt fråhald

Dette lokale fråhaldslaget praktiserte ikkje totalfråhald slik Kloster si rørsle gjorde. Ved utgangen av 1846 hadde fråhaldslaget i Sogndal fått 209 medlemer - for det meste unge menneske.

Dette spesielle fråhaldslaget hadde 83 medlemer i 1885. Året etter vart Sogndal fråhaldslag formelt skipa. Dette var eit totalfråhaldslag. Dette hadde på det meste, kring 1901, omlag 400 medlemer.

Innblanda i politikk

I Sogndal som elles, blanda fråhaldslaga seg inn i lokalpolitikken. I 1903 sette fråhaldslag i kommunen fram krav om at dei som vart valde inn i kommunestyret, skulle vere totalistar.

Same året fann dei ut at produksjon av heimelaga fruktvin og sider stridde mot laget sine lover.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.02.2009