Hopp til innhold
X
Innhald

Tidleg ute med organisert idrett

Pål Seljeset i fin stil i Vikabakken i Stryn i 1950. Ukjend fotograf. Eigar: Bygdeboknemnda i Gloppen/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Pål Seljeset i fin stil i Vikabakken i Stryn i 1950. Ukjend fotograf. Eigar: Bygdeboknemnda i Gloppen/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Den første organiserte idrettstevlinga i Nordfjord utanom militæridretten på Nordfjordeid var truleg eit stemne i kappgang (!) i Innvik i 1872. Løypa var fire kilometer lang, og kontrollørar var posterte ut for å sjå til at ingen sprang.

Det var ein underoffiser som organiserte den litt uvanlege tevlinga. Det første skyttarlaget i Indre Nordfjord vart skipa i Markane 1880. Seint på 1800-talet dreiv eit selskap som kalla seg Markenes Travclub veddeløpskøyring med hest på det islagde Langesetvatnet.

Styrk i Innvik er det eldste idrettslaget i Innfjorden, skipa i 1892, men alt i 1890 vart det starta ei turngruppe i Innvik.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.03.2011