Hopp til innhold
X
Innhald

Tobakksdyrking i Sogndal

Tobakksåker på Nornes i 1943. Mannen mellom plantene er Harald Fondenes. Ukjend fotograf. Eigar: Sogndal Sogelag/Fylkesarkivet i  Sogn og Fjordane.

Tobakksåker på Nornes i 1943. Mannen mellom plantene er Harald Fondenes. Ukjend fotograf. Eigar: Sogndal Sogelag/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Då det sist på 1800-talet kom i gang tobakksdyrking i indre Sogn, var det Luster som vart senter for denne produksjonen. Men også i Sogndal hadde tobakksdyrkinga eit visst omfang. På eitt år dyrka bønder i Sogndal 1800 kilo tobakk, og i 1899 dekte tobakksåkrane i kommunen 12 dekar. Avlinga kunne nå opp i 150 kilo på ein åker.

- Les meir om tobakksdyrkinga i Sogn i eigen artikkel under Luster kommune: Tobakksdyrkinga i Luster.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.09.2011