Tobakksdyrking

Tyngda av tobakksdyrkinga i Sogn på slutten av 1800-talet gjekk føre seg i Luster, og delvis i Undredal.
Tobakkshus på Hauge
Men også i Lærdal var det gardsbruk med tobakksdyrking. Frå garden Hauge i Lærdal finst det frå 1915 dokument som syner at bruket hadde eige tobakkshus for tørking av plantane, og at tobakksdyrkinga gav ei betydeleg inntekt. Også på andre gardar i nedre del av dalføret, m.a. på Tønjum, vart det bygt tobakkshus for tørking av tobakksblad og lagerhus for tobakk i desse åra. Tobakken vart seld til norske fabrikkar. Det vert opplyst at bønder i Sogndal dyrka 1800 kilo tobakk i dei beste åra. I 1899 dekte tobakksåkrane i kommunen 12 dekar. Avlinga kunne nå opp i 150 kilo.

Tobakksdyrkinga i Luster

Bygdene kring Lustrafjorden er kjende for sitt tørre og milde sommarklima. Dette var den viktigaste grunnen til at desse bygdene fekk ein omfattande «tobakksindustri» frå slutten av 1800-talet og fram til 1. verdskrig. På mange bruk var det ei viktig attåtnæring. Men mindre kjent enn tobakksdyrkinga på denne tida er det at ein alt på 1600-talet dyrka tobakk i Luster.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 18.05.2011