Hopp til innhold
X
Innhald

Tobakksdyrkinga i Luster

To smågutar, Tøger og Ludvik Heltne, i tobakksåkeren på Heltne i 1918 eller 1919. Foto: Samson Brathole. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

To smågutar, Tøger og Ludvik Heltne, i tobakksåkeren på Heltne i 1918 eller 1919. Foto: Samson Brathole. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Bygdene kring Lustrafjorden er kjende for sitt tørre og milde sommarklima. Dette var den viktigaste grunnen til at desse bygdene fekk ein omfattande «tobakksindustri» frå slutten av 1800-talet og fram til 1. verdskrig.

På mange bruk var det ei viktig attåtnæring. Heilt til nyleg har det funnest restar etter tobakkshus og reidskap nytta i tobakkproduksjonen kringom på gardane.

Tobakksdyrking alt på 1600-talet

Men mindre kjent enn tobakksdyrkinga på denne tida er det at ein alt på 1600-talet dyrka tobakk i Luster. Truleg var det folk frå overklassen som tok med seg kunsten å dyrke tobakk.

Det første handfaste provet på tidleg tobakksavl i Luster er frå 1683, då Ole Skiebinder på garden Melheim i Indre Hafslo er registrert med tobakkshus, og i 1673 heiter det at Nils Monsen Sandvik i Gaupne dyrka tobakk. Det finst også dokumentasjon på at tobakk vart brukt som betalingsmiddel i Luster-bygdene frå midten av 1600-talet og utover. Tobakksdyrkinga i denne perioden tok slutt kring 1700.

Starta i Underdal

Frå 1880-åra vart indre Sogn - og særleg Luster - eit senter for norsk tobakksdyrking.

Det starta med Øystein Underdal i Aurland som vende heim frå Amerika i 1882. Etter sju år i Wisconsin hadde han lært seg å dyrke tobakk. Han sådde ein tobakksåker på heimegarden i Underdal. Noko stort omfang fekk ikkje tobakksdyrkinga korkje i Aurland eller andre Sogne-bygder før kring 1890.

Tobakksplantar på Lavoll. Karane på biletet er frå v. Halvard Hengesteg og Hans Lavoll. Sønene til Lavoll, Johannes og Olav, er og med på biletet. Ukjend fotograf. Eigar: Luster lokalhistoriske arkiv.

Tobakksplantar på Lavoll. Karane på biletet er frå v. Halvard Hengesteg og Hans Lavoll. Sønene til Lavoll, Johannes og Olav, er og med på biletet. Ukjend fotograf. Eigar: Luster lokalhistoriske arkiv.

Ålesundar føregangsmann i tobakksavlen

Tidleg på 1890-talet slo ålesundaren Ingvald Martinussen seg ned i Luster-bygda. Der starta han tobakksdyrking på garden sin på Kvale. Han hadde på same vis som Øystein Underdal, lært seg kunsten i Wisconsin. Martinussen hadde budd der i 25 år før han vende heim.

Martinussen satsa stort. Han fekk andre med seg, og i løpet av kort tid vart i alt 150 dekar lagt ut som tobakksplantasjar på gardar i Luster.

Tobakksplantar på 350 dekar

Toppåret for tobakksdyrking i Sogn vart 1902. Då vart det dyrka tobakk på 267 dekar i tidlegare Luster kommune, 38 dekar i Hafslo kommune, 19 dekar i Aurland, 14 dekar i Sogndal og 8 dekar i Lærdal kommune.

Nettofortenesta på god tobakk kunne vere over 200 kroner pr. dekar, så det var retteleg god butikk for dei som lukkast med avlinga.

I tillegg til det bøndene sjølve dyrka, leigde mange også ut ferdig gjødsla åkerlappar til andre som ville dyrke sin eigen tobakk. I Sogndal kunne ein t.d. leige seg eit mål ferdiggjødsla jord til 40 kroner året. Då var også bruk av ein hest til arbeidet inkludert.

I 1902 var det 136 gardbrukarar og 33 husmenn som hadde planta tobakk berre i Luster kommune.

Tobakksdyrking var ein kunst

Tobakksfrøa fekk dyrkarane frå Amerika, men også norske tobakksfabrikkar sytte for frø til dei som ville prøve seg. Mest populær var sorten «Spanish», men også frø frå sortane «Black leaf», «Kentucky» og «Virgina» fann vegen ned i jordbenkane i Luster.

Her spira frøa under glas i ei blanding av moldjord blanda med tremasse. Tremasse frå morkna bjørkestammar skulle vere spesielt gjevt. Plantane vart sette ut i åkeren når dei var 4-7 cm høge i siste halvdel av mai. Åkeren var på førehand svært godt gjødsla med opptil 30 møkkalass pr. dekar. Beste gjødsla var hestegjødsel.

Under veksten var det viktig å halde «plantasjen» rein for ugras. Blomsterskot måtte knipast av slik at blada fekk utvikle seg godt.

Tørking i spesielle tobakkshus

Haustinga gjekk føre seg i slutten av august, men einskilde drygde heilt til førstninga av oktober. Haustinga måtte gå føre seg i godt vêr. Dei skorne blada vart spila ut med spesielle trespiler for å få jamn og god tørking av heile flata. Frå åkeren vart blada køyrde til dei spesielle tobakkshusa og hengt til tørk. Tobakkshusa hadde eit slags vertikalt «persiennesystem» med bevegelege, loddrette bord i veggane slik at ein kunne regulere luftgjennomstrøyminga.

Fermentering

Når tobakksblada var høveleg tørka ein gong i desember - januar, vart dei sorterte etter kvalitet og bunta saman i «dokker». Deretter skulle tobakken «fermenterast». Dette var spesialistarbeid som bøndene ikkje gjorde for sjølve, men let ekspertar ta seg av: Fermentering var ein modnings- eller gjæringsprosess.

Tobakksblada vart fukta lett med vatn, før buntane eller «dokkene» vart lagde ned i ei kasse slik ein legg ned sardinar. I denne prosessen er det at tobakken vert brun eller gulbrun i fargen. Kom det luft til i mellom tobakken under fermenteringa, vart den øydelagt. Dyrkarane selde tobakksblada til oppkjøparar som sytte føre å «fermentere» tobakksblada før dei vart selde vidare til tobakkfabrikkane.

Etter eit par månader vart den ferdig preparerte tobakken sendt i 200 kilos ballar til fabrikkane. Det meste gjekk til J. L. Tiedemanns Tobaksfabrik og Conrad Langaard i Oslo.

Dette var tobakkshuset i Solvorn. Ukjend fotograf.

Dette var tobakkshuset i Solvorn. Ukjend fotograf.

Sigarfabrikk i Solvorn

Men det var også dei som prøvde seg med produksjon av ferdigvarer lokalt: I 1902 starta Bernt Bertelsen tobakksfabrikk i Solvorn. Han var sjølv den klårt største tobakksdyrkaren i Hafslo kommune med ein plantasje på vel 13 dekar.

Bertelsen spesialiserte seg på å framstille sigarar. Nokre vart rulla av rein norsk tobakk, medan finare kvalitetar frå Solvorn-fabrikken også fekk blanda inn utanlandsk tobakk. Bertelsen fekk øvde folk oppover frå Bergen og Oslo til sigarrulling i sesongen.

Sigarrulling var nemleg ikkje arbeid for kven som helst! Sigarfabrikken i Solvorn fekk kort levetid. Ei avgift som vart lagt på norske tobakksdyrkarar i 1903, gjorde den lokale produksjonen lite lønsam, og Bertelsen gav seg.

Tobakks-epoken tek slutt

Sjølv om tobakksdyrking kunne vere vel så lønsamt som mykje anna for sognebøndene, går tobakksdyrkinga i åra etter 1903 raskt nedover, og ved utgangen av 1. verdskrig i 1918 er det så godt som slutt. Grunnen låg nok først og fremst i statsavgifta som vart innført i 1903, dessutan vanskane med å halde plantane reine for sopp og insekt. Vrakprosenten var stor.

Oppsving og Luster Tobakkslag

Ei anna årsak var sjølvsagt at norsk tobakk ikkje kunne konkurrere i kvalitet med den utanlandske. I jobbetida under 1. verdskrig med mykje pengar blant folk fekk mange smaken på dyrare importtobakk. I 1919 og 1920 låg det såleis mange tonn useld tobakk hjå fermentørane i Sogn.

Likevel kom det eit lite oppsving att frå 1932 og utover. Då vart også Luster Tobakkslag skipa. Det kom også eit ekstra blaff under 2. verdskrig då importen tok slutt og tobakkshungeren var stor i det okkuperte landet.

Les også om: Tobakksdyrking

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.03.2011