Torskangerpoll Musikklag

Dette biletet prydar heimesida til Torskangerpoll Musikklag. Med kornett Terje Våge, med bekken Johan Wåge. Foto: Erling Wåge.
Torskangerpoll Musikklag vart skipa i 1920. Musikklaget som har opphavet sitt i den vesle fiskargrenda på vestsida av Vågsøy, har utvikla seg til eitt av dei beste korpsa i Sogn og Fjordane, og har vunne ein mengd prisar. I 2008 vart laget noregsmeistrar for brassband i 4. divisjon.
Arne Torskangerpoll var i mange år ein framståande leiar for laget. Han fekk i 1999 tildelt Kongen fortenestemedalje i sølv for innsatsen.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 25.01.2010