Hopp til innhold
X
Innhald

Travsporten i Sogndal

Travbana på Kaupangerskogen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Travbana på Kaupangerskogen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Travsporten har lange tradisjonar i Sogn, og Sogndal, Hafslo og Luster har vore kjerneområda for aktiviteten.

Hesteveddeløp på isen

Etter opptak frå godseigar Nils Knagenhjelm vart Sogn Travselskap skipa i 1887. Dette er eitt av dei eldste travselskapa i landet. Årleg vart det arrangert hesteveddeløp på Hafslovatnet eller på Barsnesfjorden ved Sogndal.

Knagenhjelm sette også opp ein vandrepokal for løpa, som kunne samle kring 30 hestar. Også hestar frå Vik og Leikanger deltok i løpa. Aktiviteten låg nede frå 1969, men i 1985 starta isløpa opp att. No var det Dalavatnet i Sogndalsdalen som vart nytta fordi Hafslovatnet var regulert, og isen der kunne vere utrygg.

Travbane på Kaupangerskogen

Edvin Orrestad frå Sogndal stod sentralt i arbeidet med å skape ny aktivitet i laget, som heilt frå 1950-talet planla å få bygt ei travbane i indre Sogn. Midt på 1990-talet fekk ein hand om eit høveleg areal på Kaupangerskogen, og der vart ei 800-meters bane opna i 2000. Her har det vore travløp eit par gonger i året, men elles vert bana nytta som treningsbane av sogningar som driv oppdrett og trening av travhestar. Sogn Travselskap har kring 80 medlemer.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.08.2011