Hopp til innhold
X
Innhald

Trollkjerringa i Hausanuten

I Hausanuten ovanfor gardane Hausa i Sogndalsdalen budde det ein gong ei trollkjerring. Ho hadde ein son som skapte seg om til ein bjørn som drog ned i liene og drap bufé. Blykuler beit ikkje på bjørnen, same kor mykje jegerane skaut.

Men då ein jeger som heitte Engjell støypte seg ei sølvkule og skaut med den, måtte bjørnen til pers. Medan Engjel og gardsfolket elles var i kyrkje på juledag hemna trollkjerringa seg med å sleppe eit snøskred ned over gardshusa og sope dei bort. Berre eit spedbarn var att heime. Barnet, som heitte Sikkus, overlevde skredet, og der han vart funnen i live, kom det opp ei kjelde som vart heitande Sikkuskjelda.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 08.01.2010