Hopp til innhold
X
Innhald

Tronvik Psykiatriske Behandlingsheim

 Foto: Ottar Starheim, NRK

Foto: Ottar Starheim, NRK

Fylkets første behandlingsinstitusjon for psykisk sjuke vart bygd på Kyrkjebøstranda i 1956. Tronvik var den første opne behandlingsinstitusjonen i landet, og hadde ved starten kapasitet til å ta imot 90 pasientar.

Institusjonen fekk dobla kapasitet ved utviding med to paviljongar i 1962 og 1963, og hadde full kapasitetsutnytting med 180 klientar kring 1970.

Avhengige av Bergen

Men all tung psykiatri vart enno i lang tid send til behandling ved Sandviken og Betania sjukehus i Bergen. Frå Hordaland fylke vart det difor lagt hardt press på Sogn og Fjordane om å byggje opp si eiga fullverdige psykiatriomsorg.

Som ei mellombels løysing vart Tronvik i 1987-1989 driven som ei underavdeling av Sandviken sjukehus, med overlege utlånt frå Sandviken.

I 1983 vart psykiatrisk poliklinikk på Nordfjordeid opna, og i 1991 sto Nordfjord Psykiatrisenter ferdig. Psykiaktrisk klinikk ved Førde Sentralsjukehus i Førde vart opna i 1990. For Indre Sogn skal det byggjast psykiatrisenter på Rutlin i Sogndal.

Nedbygging av Tronvik

Ved den store psykiatrireformen i 1989-1990 vart eit stor tal klientar ved Tronvik utskrivne og overført til verna bustader eller institusjonar i heimkommunen.

I 2001 var det 35 tunge klientar att på Tronvik, som har 98 årsverk. I 2006 vart det avgjort at Tronvik får ei ny avdeling med 15 langtidsplassar for rusmisbrukarar. Etter investeringar på 11,5 milionar kroner vart avdelinga offisielt opna i 2010. I dag er Tronvik integrert i sentralsjukehuset i Førde sitt psykiatritilbod og heiter Psykiatrisk klinikk avdeling Tronvik.

Freding av bygningane

I 2012 freda Riksantikvaren bygningane på Tronvik som døme på ein open psykiatrisk pleieinstitusjon frå etterkrigstida.

Tronvik sett frå fjorden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tronvik sett frå fjorden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Les meir om: Helsestell i Høyanger

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.02.2012