Tuberkuloseheimen i Lavik

Lavik Helseheim i 1941. Foto: Bjarne Råsberg. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Tuberkulosen var den store folkepesten på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet. Ei eiga tuberkuloselov frå 1900 la grunnlaget for ein storoffensiv mot tuberkulosen. Over heile landet vart det på få år bygd tuberkulosesanatorium.
På kort tid vart det bygd seks sanatorium i Sogn og Fjordane med kapasitet til å ta imot 230 pasientar.
Det første sanatoriet i Sogn og Fjordane vart bygd i Luster i 1902. Då bygde St. Jørgen stiftelse i Bergen eit av dei største tuberkulosesanatoria i landet på Harastølen, Lyster Sanatorium med 150 senger. Lyster Sanatorium - Harastølen tok imot pasientar frå heile Vestlandet.

Pasientar på Lavik Helseheim i 1940. Foto: Bjarne Råsberg. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Brennevinsfond til tuberkulosekrigen
Frå 1904 la det såkalla «brennevinsfondet» (avgifter på sal av brennevin) grunnlaget for ei meir lokal satsing: I 1910 vart eit eldre skulehus i Lærdal ombygd til sanatorium med 18 pasientar (dette vart seinare Lærdal sjukehus).
I 1913 fekk Sunnfjord sin eigen anstalt i Askvoll med 14 senger, og i 1916 opna «Helseheimen» i Lavik med 20 senger. I Nordfjord starta helselaget i Måløy eigen tuberkuloseheim med 12 senger, og i 1921 kom sanatoriet Gloppen tuberkuloseheim på Sandane i drift (noverande Gloppen sjukeheim) med 20 senger.
Då kampen mot tuberkulosen var vunnen, vart tuberkuloseheimen i Lavik omskipa til aldersheim, og seinare sjukeheim. Bygget vart mykje utvida, men vart lagt ned som sjukeheim i 2003. Ein del av bygningsmassen vart etter dette nyta til eldrebustader.

Lavik Sjukeheim med nybygg til venstre og bygningen frå 1916 til høgre. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 20.11.2009