Hopp til innhold
X
Innhald

Turistskyssinga og Rimfakse-striden

”Paa vei til Oldenvandet, Olden, Nordfjord” står det på dette prospektkortet. Skyssing av turistar gav gode inntekter for mange bønder.

”Paa vei til Oldenvandet, Olden, Nordfjord” står det på dette prospektkortet. Skyssing av turistar gav gode inntekter for mange bønder.

Skyssing av turistar vart den viktigaste attåtinntekta for bøndene i Stryn, Loen og Olden frå ca. 1880. Dei organiserte seg i skysslag, som kunne stille opptil 70 hestetriller og frakte 1200 turistar opp til breane dagleg.

Før turistskipa kom, og gjekk beinveges til Loen og Olden, var Fylkesbaatkaia på Faleide innfallsporten for turistane. Her danna bønder «Faleide Kalechekompagni» og «Faleide Trillecompagni», som m.a. køyrde turistane på «overlandstur» til Hellesylt og Øye på Sunnmøre.

Hestar frå Oldedalen Skysslag har frakta millionar av turistar frå heile verda til Briksdalsdbréen. Foto: Olav Jakob Tveit.

Hestar frå Oldedalen Skysslag har frakta millionar av turistar frå heile verda til Briksdalsdbréen. Foto: Olav Jakob Tveit.

I Olden gav hesteskyssing gode inntekter for medlemene i Oldedalen Skysslag, men etter mange uhell med løpske hestar har dette skysslaget nytta spesialbygde småbilar i transporten opp til Briksdalsbréen.

I 2008 slepp fjordingane i Oldedalen å dra på turistar. Elbilar har overteke, og hestane kan nyte sommardagen medan turistane hastar forbi. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I 2008 slepp fjordingane i Oldedalen å dra på turistar. Elbilar har overteke, og hestane kan nyte sommardagen medan turistane hastar forbi. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fjordhesten og avlsstrid

Turistskyssen brukte mykje hestar av travarblod den første tida. Men i Stryn og Innvik budde det kring 1900 nokre av dei sentrale personane i arbeidet for å berge fjordhesten som rein rase. I 1907 vart det halde eit «rabaldermøte» på Indviken Uldvarefabrikk, der 400 bønder frå heile Nordfjord tørna saman i den såkalla «Rimfakse-striden».

Frå ei hesteutstilling på Mindresunde på 1940-talet. Foto: Johan Fürstenberg Tveit. Eigar: Johan Fürstenberg Tveit/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Frå ei hesteutstilling på Mindresunde på 1940-talet. Foto: Johan Fürstenberg Tveit. Eigar: Johan Fürstenberg Tveit/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Den dreia seg om ein skulle bruke ein vakker hingst av utprega blandingsrase mellom fjordhest og døl – Rimfakse – til avlshingst i Fjordane. Rimfakse-tilhengarane tapte, og ein av dei viktigaste stamfedrene til dagens fjordhest var matadoren «Njål». Han var fødd hjå Lars Fosnes i Oppstryn 1891, og vert rekna som «alle fjordhestars stamfar».

Den er stambokført med 31 søner og 88 døtre i fjordhest-stamboka.

Njål – ”alle fjordhestars stamfar”. Ukjend fotograf.

Njål – ”alle fjordhestars stamfar”. Ukjend fotograf.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.03.2011