Hopp til innhold
X
Innhald

Ugift kvinne dømd for barnedrap

I 1892 vart den Ingeborg Torkildsdotter frå Haugavika på Fimreite dømd til 3 ½ års fengsel for å ha vore skuld i at det nyfødde barnet hennar døydde. Ingeborg var ugift, og ho og barnefaren hadde vore i teneste på garden Orrestad i Sogndalsdalen då barnet vart unnfanga. Det var distriktslege Engh som etter obduksjon melde frå til lensmannen om at noko unormalt hadde hendt. Etter å ha sona på tukthuset reiste Ingeborg til Amerika for å starte eit nytt liv.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.01.2010