Hopp til innhold
X
Innhald

Ulukker i Bremanger

Drukningsulukker har teke tallause liv i Bremanger. Dette biletet er frå ei gravferd i 1934, då tre personar frå Botnane omkom i eit forlis på veg til ei gravferd på Husefest. Privat foto.

Drukningsulukker har teke tallause liv i Bremanger. Dette biletet er frå ei gravferd i 1934, då tre personar frå Botnane omkom i eit forlis på veg til ei gravferd på Husefest. Privat foto.

Drukningsulukkene i kyst- og fiskerikommunen Bremanger er tallause. Mest kvart tun i ytre strok har hatt folk som har kome bort på sjøen.

Dette oversynet tek berre med sjøulukker og andre ulukker med fleire omkomne eller ulukker under særskilde omstende. Sjå elles under Krigshistoria i Bremanger om Bremanger-folk som kom vekk i krigsteneste eller i konvoifart under andre verdskrig.

Takk til Ove Johan Totland, som har samla inn det meste av opplysningane:

Ca. 1617

Ca. 1617 vart ein mann på Indrehus drepen av bjørn som hadde brote seg inn i fjøset på garden. – Sjå eigen artikkel «Bjørn i fjøset drap mann under» Bjørnesoger i Bremanger.

1641

I 1641 vart Rasmus Gregoriussen Kjøllesdal skoten på jakt av grannen Anders Olsson Hatlegjerde.

Ca. 1738

Ca. 1738 vart ein mann drepen av bjørn ved garden Otteren – sjå eigen artikkel «I knivkamp med bjørnen» under Bjørnesoger i Bremanger.

1748

I 1748 omkom fire menn frå Rugsund og Otteren under fiske.

1763

I 1763 drukna far og son frå Senneset under fiske.

1766

I 1766 drukna tre menn frå Hennøyna, Falkevik og Almenning under fiske. I 1766 drukna far og son frå garden Sørbotten på havet.

1772

I 1772 vart ein mann på Indrehus drepen av bjørn – sjå eigen artikkel «Hogg øksa i bjørneskallen» under Bjørnesoger i Bremanger.

1776

I 1776 drukna tre menn frå Frøyen under fiske.

1778

I 1778 drukna to menn frå Ålfoten og ein mann frå Torheim under fiske.

1789

I 1789 drukna far og son frå garden Berle.

1790

I 1790 drukna far og son frå Kjerpeset utanfor Smørhamn.

Fylgde kveita til botnar

I 1793 bar det til eit svært spesiell drukningsulukke ved den einbølte garden Askvika ved innløpet til Ålfoten.

Bygda Grotle. 11 menneske herifrå miste livet på veg til bryllaup i 1810. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bygda Grotle. 11 menneske herifrå miste livet på veg til bryllaup i 1810. Foto: Ottar Starheim, NRK.

1810

I 1810 drukna alle dei 11 menneska i eit fylgje som var på veg frå Grotle til Vetvik for å feire bryllaupet til Anders Endreson Vetvik og Marta Monsdotter frå Førde i Bremanger. På veg over det opne havstykket vest for Bremangerøya vart båten kasta rundt av ei hard vindkule. Den komande brudgomen var ein av dei omkomne, og han etterlet seg den komande ektemaken gravid.

1817

I 1817 omkom to menn frå Kjølsdalen då to fiskebåtar kolliderte ved Skongsneset i Nord-Vågsøy. Også dei to mennene i den andre båten, som var frå Kvalheim, drukna.

1823

I 1823 drukna far og son frå garden Bremnes på Novelandet.

1827

I 1827 drukna fem menn frå Botnane og grendene ikring.

1828

I 1828 drukna eit båtlag på fire mann frå Skarstein under fiske. I 1828 drukna far og son på sjøen utanfor Nesje. Enkja etter faren hadde tidlegare mista den første ektemaken sin ved drukning i 1802. I 1850 drukna den andre sonen hennar.

1830

I 1830 omkom fire menn frå Isane under vinterfiske utanfor Nesje i Bremanger.

1832

I 1832 omkom husbonden og drengen på ein gard på Indrehus då dei kollsiglde på veg heim frå julehandel i Smørhamn.

1839

I 1839 omkom ein husmann frå Ålfoten då han vart teken av eit snøskred og sopa på sjøen.

1843

I 1843 drukna fem menn frå Kjølsdalen under fiske i Frøysjøen.

1844

I 1844 drukna fire menn frå Elde og to menn frå Lefdal i Eid då «Eldebåten» vart overraska av storm og gjekk ned under fiske ved Vågsvåg.

1847

I 1847 drukna ein fiskarbonde og drengen hans på fiske utanfor Gåsøy.

Frøyaskjera sett frå Lisetflona. Her omkom 11 menn i 1858. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Frøyaskjera sett frå Lisetflona. Her omkom 11 menn i 1858. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

1858

I mai 1858 omkom 11 menn frå Frøyalandet og Kalvåg då dei vart overraska av orkan vest for Frøyaskjera.

1861

I august 1861 mista far og tre døtre frå Botnane livet då dei kollsiglde i Frøysjøen på veg heim frå gudsteneste i Bremanger-kyrkja. Ein mann som var med på turen, berga seg.

1865

I 1865 drukna to tenestejenter frå Bremnes då dei kollsigla i Frøysjøen.

I 1865 drukna far og son frå Bremnes då dei kom for nær eit fall tidleg om morgonen, før det var lyst.

1866

I 1866 drukna tre menn frå Ryland etter at dei truleg vart pårent av ei jakt i Frøysjøen.

1868

I 1868 drukna tre unge menn frå Davik i fjorden på veg heim frå Syrheller. I 1868 drukna to menn frå Svarstad då dei kollsigla i Frøysjøen.

Frøysjøen ein godversdag. Her har mange menneske fått si våte grav. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Frøysjøen ein godversdag. Her har mange menneske fått si våte grav. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

1869

I 1869 drukna 12 menn, åtte av dei frå Berlebygda – då dei kollsiglde med ein åttring robåt under garntrekkjing utanfor Botnaneset på Bremangerlandet. Stormen førde robåten til havs og fanst ikkje meir.

1871

I 1871 drukna to menn frå Varpe og Hauge i Bremangerpollen på veg heim frå skjenkestaden Smørhamn.

I 1871 drukna fire menn frå Grotle under garndraging i snøkave og svær sjø. Truleg kom dei for nær eit fall - bølgjebrotet på eit undervasskjer. I 1871 drukna to menn frå Dyrstad då dei kollsigla.

1872

I 1872 drukna to menn frå Myklebust i Ålfoten.

1875

I 1875 miste to barn, syster og bror, livet i ein husbrann i Sørgulen.

I 1875 drukna eit ungt ektepar frå Hennøy.

1876

I 1876 drukna åtte menn, fire frå ytre Bremanger og fire frå Botnane, under torskefiske på Bremangerhavet då båten kollsigla utanfor Torshovden.

1879

I 1879 vart ein mann frå Sigdestad i Ålfoten slegen i hel då han vart treft av ei vedfamn som kom rennande ned ein løypestreng.

1880

I 1880 drukna to menn frå Bremangerpollen.

I 1880 drukna to menn frå Kjerpeset og Nigardsøy.

1881

I 1881 drukna tre menn frå Hauge på fiske.

1882

I 1882 drukna ei 21 år gamal kvinne og den 15 år gamle broren frå Kolset då dei rende båten på Skarveskjeret slik at den kantra.

1883

I 1883 drukna to menn frå Steinset, Kalvåg.

1885

I 1885 drukna tre menn frå Gulenfjordane under fiske ved Herøy.

Fiskarmonument ved Bremanger kyrkje på Hauge. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fiskarmonument ved Bremanger kyrkje på Hauge. Foto: Ottar Starheim, NRK.

1887

I 1887 drukna to menn frå Kalvåg ved Fiskholmen.

1888

I 1888 drukna fire menn frå Bremangerpollen då dei kollsigla på reise frå Florø til Bremangerpollen.

I 1888 omkom ein mann frå Sørgulen då båten hans vart rent i senk av fylkesbåten «Balder» ” utanfor Bortnestranda.

1889

I 1889 drukna to menn frå Nigardsøy då dei kollsigla i Trongesundet.

1890

I 1890 drukna to menn frå Nigardsøy då dei kollsigla i Trongesundet.

1893

I 1893 drukna far og dotter frå Berle då dei rodde på ein stein utanfor Litlehauge.

I 1893 drukna to menn frå Bremangerpollen då dei kollsigla ved «Brørne» under torskefisket.

I mars 1893 drukna seks menn frå Berle på fiske.

I 1893 omkom ein mann frå garden Myklebust då han vart teken av eit snøskred.

1894

I 1894 omkom fire menn frå Novelandet under torskefisket då ein brottsjø fylte båten.

I 1894 omkom far og son frå garden Bremnes på Novelandet under torskefiske utanfor Nesje.

1895

I 1895 drukna fem menn frå Rugsund då fiskebåten Masviken gjekk ned på fiske ved Skorpa. Fire av dei omkomne var far og tre søner frå Strømmen. Vraket vart funne på Sunnmørskysten nokre dagar seinare.

1896

I 1896 drukna fire menn frå Novelandet og Bakke i ein storm på veg heim frå fiskefeltet.

I 1896 vart husa på garden Skogen på Isane tekne av ei snøfonn. Fem menneske som var på garden, fylgde med skredet, men overlevde hendinga.

1897

I 1897 mista heile mannskapet på fem mann livet då fiskekutteren «Oscar» frå Kalvåg forliste i Nordsjøen, der den var på makrelldorging. Båten var kjøpt inn i 1895, og var den første fiskekutteren som var kjøpt inn til Bremanger. Fire av dei omkomne kom frå Bremanger og Frøyen, og ein frå garden Birkeli.

1902

I 1902 omkom seks menn frå Endal, Elde, Leirgulen og Lefdalbygda på nordsida av fjorden, då båten deira gjekk ned under linefiske vest for Vågsvåg. Uveret kom så brått på at dei skar av linene for å berge seg, men ein brottsjø slo båten ned før dei nådde land.

1903

I 1903 drukna to menn frå Bremangerpollen under smågarnsfiske på Bremangerpollen.

Forliset med emigrantskipet «Norge»

Ei av dei største sjøulukkene i nordisk historie bar til 28. juni 1904, då det danske utvandrarskipet D/S «Norge» forliste ved sjøklippa Rock All i Atlanterhavet og 635 menneske omkom.

1907

I mars 1907 vart alle tunhusa og husdyra på garden Vollen i Vetvik sopa på sjøen av eit stort snøras. Dei 12 menneska som budde på garden, hadde ant uråd då mildveret sette inn kvelden før og rømt over til naboen. Same året døydde kona på Vollen av barselfeber, og om hausten same året drukna to søner på fiske.

I 1907 drukna ein mann og ei kvinne frå garden Nordbotten i ein sørvest storm som dreiv båten deira ut mot Frøysjøen. Dei hadde vore på vedsanking nord i utmarka då båten vart teken av stormen.

I 1907 drukna tre menn frå Bremangerpollen under hysefiske ved Olderveggen. Dei vart overraska av ein brå storm frå sør. Mange båtar med kring 70 mann ombord berga seg då inn til Vetvik.

I 1907 drukna tre menn frå Grotle og Torvanger utanfor Vetvika då ein kastevind kvelva båtane deira.

I 1907 drukna to menn frå Vetvik då ein kastevind kvelva båten.

1910

I 1910 drukna to menn frå Bremangerpollen på Stavfjorden då den eine fall over bord og den andre freista å berge han.

1911

I 1911 drukna ein mann frå Endal og ein mann frå Kjølsdalen under fiske ved Rørvik.

I 1911 drukna to menn frå Igland ved Veststeinen.

I 1911 mista ni mann livet då fiskebåten «Sterk» frå forliste i Skatestraumen. Alle dei omkomne var under dekk då båten gjekk på flua Skata i Skatestraumen og sokk.

I 1911 drukna ein mann frå Endal og ein mann frå Kjølsdalen i Eid under fiske.

På Hunskår ved Skatestraumen og ved foten av Hornelen står dette gravkapellet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På Hunskår ved Skatestraumen og ved foten av Hornelen står dette gravkapellet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

1912

I 1912 drukna to menn frå Kalvåg under fiske i USA.

1913

I 1913 drukna far og son frå garden Rise då dei gjekk gjennom isen på Risevatnet. Sonen datt først uti, og faren drukna då han freista å berge.

Rende i senk og stakk av

I 1913 drukna fire mann frå Hunskår, ein mann frå Kvalheim på Vågsøy og ein mann frå Randabygda i Stryn då motorbåten «Signal» kom bort under fiske ved Kråkenes den 14. februar.

1922

I 1922 drukna tre menn frå Leirvik og Nesbø og ein ung mann frå Bergen då brå kastevindar kvelde to robåtar sør for Tennøya på veg frå Nesbø til Kjelkenes. To andre gutar vart berga i land nesten livlause, men klarte seg.

I 1922 omkom seks menneske - eit ektepar med tre born og bestefaren i huset i ein brann på garden Indrehauge i Berle. Bestefaren Rasmus Midtbø og den eldste av borna i huset, Leonard, greidde først å berge seg ut, men då bestefaren gjekk inn att for å berge fleire ut, omkom han óg.

1927

I 1927 drukna to menn frå Grotle då dei vart slengde over bord av ein skavl på Bremangerhavet.

1929

I 1929 mista seks menn livet ved ein slaggeksplosjon på Bremanger Smelteverk. Sjå også 1972.

1930

I 1930 drukna far og son frå Steinset under hummarfiske vest for Frøya.

I 1930 omkom ein mann frå Sørgulen i ei fallulukke ved Bremanger Smelteverk.

1933

I 1933 omkom ein mann frå Elde då han fekk høgspent straum gjennom seg. Ulukka hende etter ein linefeil på høgspentlina i Eldedalen, men på uforklarleg vis vart mannen råka av straum i nærleiken av eit oppkome heime på tunet på Elde. Samstundes vart ein gris på nabogarden drepen av elektrisk støyt.

Solnedgang i Botnane ein godverskveld. Livet i bygdene langs kysten har ikkje alltid vore like idyllisk. Foto: Ståle Sørbotten.

Solnedgang i Botnane ein godverskveld. Livet i bygdene langs kysten har ikkje alltid vore like idyllisk. Foto: Ståle Sørbotten.

1934

I 1934 miste to kvinner og ein mann frå Botnane livet då dei kollsigla på veg til gravferd på Husefest. Dei to omkomne kvinnene var begge mødre til kvar sin barneflokk på ti og åtte born. Ei tredje kvinne som var med på forliset vart funnen livlaus i fjøra, men vart berga av sonen. (Sjå bilete øvst.)

I 1934 drukna far og son frå Kalvåg under fiske ved Lisetlandet.

I 1934 drukna far og son frå Torvanger ved Torheim i Nordfjord då båten lasta med ved kvelva. Faren skulle berge sonen som fall i sjøen.

I 1934 drukna to menn frå Kalvåg då ein brå nordvest storm kvelva båten ved for Frøya.

1935

I 1935 omkom ein 30 år gamal mann frå Berle då han fraus i hel under ettersyn av ei kraftline i Berlepollen.

1937

I 1937 drukna to menn frå Kalvåg under krabbefiske ved Smørhamn.

1943

I 1943 drukna to menn frå Bremangerpollen då ein kastevind kvelva båten deira ved Hauge.

1944

I 1944 vart seks personar drepne då Fylkesbaatane sitt ruteskip «Framnæs» vart bomba i Frøysjøen. Fire av dei omkomne kom frå Bremanger kommune. (Sjå Krigshistoria i Bremanger).

1945

I 1945 omkom ein mann frå Dyrstad i ei arbeidsulukke på Bremanger Smelteverk.

1947

I 1947 drukna to brør på åtte og tolv år frå Berle då ein robåt med fleire gutar ombord gjekk rundt.

1952

I 1952 drukna to menn frå Bremangerpollen ved Nesje.

1960

I 1960 omkom postbodet mellom Rugsund og Bortnen då han sklei på hålka i Mjåneshola og fall i sjøen. Mannen var frå garden Mjånes.

1963

I 1963 omkom ein mann i ei arbeidsulukke ved Bremanger Smelteverk.

1967

I 1967 omkom to menn frå Ålfoten i ei sprengingsulukke på kraftanlegget i Åskora i Ålfoten. Dei var inne i ein tunnel for å tenne ei ladning som ikkje var brent av då ulukka hende.

1968

I 1968 omkom ein 16 år gamal gut frå Lofnes då han fraus i hel etter å ha gått seg utfor ein mur og skadd seg i Ålfoten.

Ei stor informasjonstavle ved porten fortel om skade- og sjukdomsstoda ved verket. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ei stor informasjonstavle ved porten fortel om skade- og sjukdomsstoda ved verket. Foto: Ottar Starheim, NRK.

1972

I 1972 mista fem menn livet ved ein eksplosjon i silgrainanlegget ved Bremanger Smelteverk. Sjå også 1929.

1973

I 1973 mista ein mann frå Førde i Ålfoten livet ved ei vådeskotsulukke under hjortejakt.

1977

I 1977 forliste skuleskyssbåten i Berle med seks born om bord på Berlepollen. Eit vindkast kvelvde båten. Dei tre eldste fall i vatnet og vart raskt berga av folk som kom til, medan dei tre yngste borna sat innesperra i lugaren. Etter ein dramatisk time vart dei berga ut. Då stod dei i vatn opp til halsen.

1985

I 1985 mista tre ungdomar frå Svelgen livet i ei trafikkulukke på riksvegen like sør for Magnhildskar-tunnelen.

1992

I 1992 drukna to menn frå Bremanger under fiske vest for Bremangerpollen. Båten deira vart funnen drivande med garnlenka fortøyd i båten. Det vart sett i gang leiting med miniubåt, og dei omkomne vart funne på 90 meters djup. Justisdepartementet dekte seinare kostnadane med den spesielle leiteaksjonen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.01.2013