Ulukker i Fjaler

I dette oversynet er berre større og spesielle hendingar tekne med.
I 1748
gjorde flaum stor skade på mange gardar i Guddalen - m.a. på Langeland, Sørebø og Grøvlen. Det er ikkje kjent om menneskeliv gjekk tapt.
I 1786
drukna tre menn frå Dale under vintersildfisket ved Kinn.
I 1815
døydde ein heil huslyd - mor, far og fire born - på garden Kalhagen ved Åsnes av ein smittsam sjukdom. Ei kvinne som skulle pleie dei vart også smitta og døydde.
I 1824
drukna far, to søner og ei tenestejente på garden Strand på Myklebustvatnet då dei skulle ro korn til kverna ved Hålandsfossen.
I 1838
drukna ei kvinne og ein mann frå Gjølanger i Dalsfjorden.
I 1840
drukna to kvinner og ein mann frå Korssund.
I 1841
drukna ei kvinne og ein mann frå Haugland i Dalsfjorden på veg til kyrkje i Holmedal.
I 1849
drukna far og son frå garden Sundal
I 1856
drukna to kvinner og ein eldre mann då dei gjekk gjennom isen på Hovlandsvatnet.
I 1861
drukna heile mannskapet - i alt åtte mann frå Fjaler kommune - under sildefiske ved Kinn. Båten dreiv i snøtjukka inn i brenningen og vart knust.
I 1865
drukna tre menn og ei kvinne frå garden Eiken ved Tyssedalsvatnet då dei vart overraska av storm på veg heim frå Dale.
I 1868
drukna to menn frå Tysse då dei gjekk gjennom isen på Sørdalsvatnet.
I 1869
omkom ei kvinne frå garden Øyrane i Espedal då ho vart råka av eit steinras medan ho slo i utmarka.
I 1869
drukna fire personar frå garden Hovland då båten deira kantra i Breivatnet. Det var far og son, ein tenar på garden og sonen til ein husmann under Hovlands-garden.
1870
I 1870 omkom ein mann frå Bjordal då han fekk eit tømmerlass over seg.
I 1880
drukna to mann frå Hellevik i ein storm då dei skulle sigle heim frå Dale.
I 1883
drukna to menn frå Strandenes under Osfossen i Bygstad då dei skulle henta mjøl frå mølla der.

Osfossen, der to menn frå Strandenes drukna i 1883. Mølla dei skulle hente mjøl frå låg til venstre for fossen. Foto: Ottar Starheim, NRK.
I 1899
drukna ein gardbrukar frå Holt og drengen hans i vatnet Langesjøen ved Hellevik.
I 1907
drukna tre kvinner ved kaia i Dale. Det var systrene Jenny og Lisa Vonen frå garden nedre Dale. Også ei hushalderske frå garden, Marthe Buttedal, drukna.
I 1918
drukna ein mann og ein 18 år gamal gut frå garden Espedal ved Hovlandsvatnet.
I 1929
drukna to kvinner frå garden Haugland i Flekkefjorden.

Kaia i Flekke der fire ungdommar omkom då dei køyrde utfor kaikanten og i sjøen. Foto: OttarStarheim, NRK.
I 1969
drukna fire kvinner frå Igelkjøn og Haugland då dei køyrde utfor kaia i Flekke.
På 1970-talet
omkom tre ungdomar frå Fjaler då dei køyrde ut for vegen og i fjorden ved fjellet Saltkjelen ved Bygstad.
I 1997
omkom to unge menn frå Fjaler i ei trafikkulukke i riksvegkrysset på Storehaug i Gaular.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 02.04.2013