Hopp til innhold
X
Innhald

Ulukker i Førde

I Erdalsdalen omkom seks menneske i snøskred i 1697. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I Erdalsdalen omkom seks menneske i snøskred i 1697. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I dette oversynet er berre ulukker med to eller fleire omkomne eller ulukker under særskilde omstende tekne med.

1689

I 1689 omkom eit ektepar då garden Haugen i Angedalen vart råka av eit snøskred.

1697

25. mars 1697 omkom seks menneske og fem vart alvorleg skadde i ei snøskrede som øydela 15 hus i eit gardstun i Erdalsdalen. Ein av dei skadde var så hardt skadd at han levde berre nokre få år etter ulukka.

Staden der raset i Holsen i 1847 gjekk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Staden der raset i Holsen i 1847 gjekk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

1847

I 1847 omkom fire menneske i eit jordras i Holsen, då ei lita elv demde opp og sopa jord og stein mot gardstunet, som ligg omlag der grendaskulen ligg idag.

1859

I 1859 drukna sju mann frå Holsen og ein mann frå Farsund under vintersildefiske ved Kinn.

1910

På Solvang er det reist eit minnesmerke over Rasmus Øvrelid som miste seks familiemedlemer i brannen i 1910. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På Solvang er det reist eit minnesmerke over Rasmus Øvrelid som miste seks familiemedlemer i brannen i 1910. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

3. september 1910 brann det nybygde skulehuset til Sunnfjord Ungdomsskule på Solvang i Førde ned til grunnen, og fire born og to kvinner miste livet – alle frå familien til skulestyrar Rasmus Øvrelid.

Turnébussen vart fullstendig smadra av ei stor steinblokk. Foto: Politiet.

Turnébussen vart fullstendig smadra av ei stor steinblokk. Foto: Politiet.

1982

18. februar 1982 omkom fire menn då turnébussen til musikkgruppa New Jordal Swingers vart råka av eit steinras på riksveg 5 mellom Førde og Naustdal, like vest for Kvieneset. Dei tre andre i bussen vart alvorleg skadde.

1984

I 1984 omkom tre ungdomar frå Angedalen og Førde under ei utforkøyring i Ulltangsmarka, aust for skisenteret.

Det var eit helikopter av denne typen som havarerte i Førdefjorden i 1996. Foto: NRK.

Det var eit helikopter av denne typen som havarerte i Førdefjorden i 1996. Foto: NRK.

I 1996

I 1996 omkom fire personar, to av dei frå Førde, då eit ambulansehelikopter frå Airlift havarerte ved Vevring etter å ha støytt mot ei kraftleidning (sjå Ulukker i Naustdal).

2004

I 2004 omkom den 31 år gamle Førde-kvinna Sølvi Helen Devig og sonen hennar i flodbylgja (tsunamien) som råka strendene kring Det indiske hav etter eit undersjøisk jordskjelv den 26. desember. Devig ferierte i Phuket, Thailand.

2012

I januar 2012 miste ei kvinne og det vesle barnet hennar livet i ein brann i eit asylmottak på Steinen.

Asylmottaket på Steinen, der to menneske omkom i brann. Foto: Ole Andre Rekkedal, NRK.

Asylmottaket på Steinen, der to menneske omkom i brann. Foto: Ole Andre Rekkedal, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 17.02.2012