Hopp til innhold
X
Innhald

Ulukker i Naustdal

I oversynet er berre ulukker med to eller fleire omkomne og ulukker under særskilde omstende tekne med.

I oversynet er berre ulukker med to eller fleire omkomne og ulukker under særskilde omstende tekne med.

1783

I 1783 drukna to menn frå Tingneset, ein son på garden og ein dreng.

1811

I 1811 omkom far og son på garden Sæla då dei vart tekne av eit stein- og jordras i brattlendet ovanfor garden og førde ut i ein elvehøl. Hølen har sidan vorte kalla Syrgjehølen.

1813

I 1813 drukna to menn frå Engebø og ein mann frå Åsen i ei ulukke på sjøen. Detaljar vantar.

1829

I 1829 drukna bonde og gjestgjevar Lars Jakobson Thingnæsset (sjå denne ) frå Vevring saman med tre av drengane sine under fiske ved Rekstalandet i Kinn.

1839

I 1839 døydde ein fem år gamal gut frå garden Øvrebø etter å ha vorte stukken av ein orm.

1842

I 1842 drukna ein 12 år gamal gut då han skulle vade over elva ved Svorstølen.

1848

I 1848 omkom ein 10 år gamal gut frå Mallasvika då han fall utfor eit berg under sauesanking.

1860

I 1860 drukna to menn frå Frammarsvik då dei kollsegla.

1862

I 1862 drukna ein eldre mann frå Kringla ved Sælalandet fordi båten som var lasta med torv, sokk. Grunnen var at det kom styrtregn som torva trekte til seg slik at den var blytung og søkkte båten.

1879

I 1879 vart ein 25 år gamal mann frå Naustdal drepen då han fall ned i maskinrommet på kystruteskipet ”Nordstjernen”. Han arbeidde som kollempar om bord.

Trodalsvatnet, der to menn omkom i 1882. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Trodalsvatnet, der to menn omkom i 1882. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

1882

I 1882 omkom to menn frå Bruflot og Trodalsstranda då dei gjekk gjennom isen på Trodalsvatnet med eit høylass og drukna. Bruflot-garden slo på den einbølte garden Trodalsstranda heilt til slutten av 1950-talet og køyrde høyet heim på vinterføre. – Les elles under Førde kommune om drapet på Trodalsstranda i 1839.

1885

I 1885 omkom ein mann frå Horstad då han vart teken av eit snøskred.

1886

I 1886 brann heile gardstunet på Russenes ned til grunnen. Ingen menneske kom til skade.

Russenes, der alle husa vart øydelagde av brann i 1886. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Russenes, der alle husa vart øydelagde av brann i 1886. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

1889

I 1889 omkom ein mann frå Savland då han fall ned under veghogst i Savlandsfjellet.

1891

I 1891 gjekk ein eldre mann frå Ullaland utfor ein berghammar ved kverna si og drap seg.

1896

I 1896 tok eit snøskred med seg løa på husmannsplassen Hola på Jonstad. Etter hendinga var husa på plassen flytta til ein sikrare stad.

1897

I 1897 vart far og dotter på garden Sæla drepne då dei vart tekne av eit snøskred og sopa på sjøen. Same vinteren gjekk det snøskred både i Naustdal og på Jonstad utan at nokon omkom.

1900

I 1900 omkom ein 69 år gamal mann frå Savland i eit ulukkeshende på veg til stølen. Omstenda er ukjende.

1904

I 1904 omkom ein anleggsarbeidar frå Underlid i ei sprengingsulukke på Gravhalstunnelen på Bergensbana.

1912

I 1912 vart ein mann frå Fimland stanga i hel av ein okse.

1915

I 1915 omkom ein gut på garden Hove då han fekk eit leirras over seg under vegarbeid.

1916

I 1916 gjekk ein ung mann frå Teigen i Naustedalen og ei jente frå Vevring, begge nyleg utvandra til Amerika, gjennom isen og drukna då dei saman med nokre andre ungdomar skeisa på eit vatn.

1924

I 1924 drukna far og to søner frå garden Mortensbakke etter at dei hadde rodd ein mann sør om fjorden. På tilbaketuren bles det opp til uver, og dei tre omkom.

1937

I 1937 drukna fire menn frå Engebø, Vevring og Kvellestad ved garden Kvalstad på Svanøy. To fiskebåtar var på veg ut Stavfjorden då den eine fekk motorstopp. Båten dreiv inn mot land, og dei fire omkomne ville berge seg i land i liten robåt då dei kom bort. Tre brør som nytta ein annan båt, berga seg i land i live.

Kvalstad på Svanøy. Her drukna fire menn i 1937. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kvalstad på Svanøy. Her drukna fire menn i 1937. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

1952

I 1952 omkom to menn frå Vevring og og ein mann frå Bergen då frakteskuta ”Sleipner” frå Vevring forliste i leia sørvest for Askvoll. Truleg hadde skuta treft skjeret som heiter Møkalasset.

1983

I 1983 vart ein eldre mann stygt forbrent i ein husbrann på garden Åmotslia då han freista å sløkkje. På same garden brann hovudhuset også ned i 1930.

Fjordspennet ved Vevring som helikopteret rende i. Vi ser mastene i fjellsida oppe til venstre, og oppe til høgre ser vi litt av linja. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fjordspennet ved Vevring som helikopteret rende i. Vi ser mastene i fjellsida oppe til venstre, og oppe til høgre ser vi litt av linja. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Helikopterulukka ved Vevring

I 1996 omkom fire personar, to av dei frå Førde, då eit ambulansehelikopter frå Airlift havarerte ved Vevring etter å ha støytt mot ei kraftleidning. Fjordspennet var ikkje merka, og helikopteret støytte mot leidningane då dei i mørkret skulle lande for å hente ein pasient.

2003

I 2003 forsvann ei eldre kvinne frå garden Kleiva i Naustedalen. Det vart sett i gang ein stor leiteaksjon utan at kvinna vart funnen.

2006

I 2006 omkom ein mann etter ein kollisjon mellom to bilar inne i Naustdalstunnelen.

2008

I 2008 omkom ei 70 år gamal kvinne frå Eikefjord saman med dottera i ei bilulukke på vegen mellom Naustdal og Førde.

Frå dødsulukka i Naustdalstunelen i 2006. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Frå dødsulukka i Naustdalstunelen i 2006. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.12.2010