Hopp til innhold
X
Innhald

Ulukker i Solund

Forliset til fiskebåten Solnes i 1980 er ei av mange ulukker på sjøen med store tap av menneskeliv. Fem mann omkom. Foto: Jan Atle Stang.

Forliset til fiskebåten Solnes i 1980 er ei av mange ulukker på sjøen med store tap av menneskeliv. Fem mann omkom. Foto: Jan Atle Stang.

I fiskerikommunen Solund er drukningsulukkene med ein omkomen tallause. Bygdeboka fortel at mest kvart hus i ytre Solund har folk som har kome bort på sjøen. Nedanfor er berre sjøulukker med fleire omkomne tekne med. Namn på omkomne finst i gardssoga for Solund I og II.

1704

I 1704 omkom to kvinner og to menn frå Kverhella og to menn frå Rørdal. Omstenda er ukjende, men truleg er det drukning.

1778

I 1778 miste ei kvinne og ein mann frå Kråkenes livet ved drukning.

1780

I 1780 drukna to mann frå Steinsund.

1794

I 1794 drukna to mann frå Sveholmen.

1802

Folket på Nautøy vart hard råka av ulukker tidleg på 1800-talet. I 1802 drukna far og son Anders og Arne Kverhella. (I 1830 drukna sonen til Arne og to andre gutar på garden.)

1806

I 1806 drukna far og son frå Krakhella.

1817

I 1817 drukna to menn frå Færøy etter kollsigling.

1822

Den 11. mars 1822 mista til saman 22 fiskarar frå Gulen og Solund livet i ein orkan. 14 av dei kom frå Gulen, og åtte frå den sørlege delen av Solund kommune.

1824

I 1824 drukna fire mann, tre frå Nesøyna og ein mann frå Hjønnevåg, under fiske.

1830

I 1830 drukna sonen til Arne Kverhella og to andre gutar på garden. Sjå ulukka i 1802.

1836

I 1836 omkom fem vaksne og to born frå Tveranger ved drukning i Lågøyfjorden. Fylgjet var på ved heim med dåpsborna frå kyrkja i Eivindvik då båten gjekk rundt.

I 1836 omkom tre mann frå Færøy og Buskøy då dei rodde på ei flu under fiske.

1837

I 1837 drukna to mann frå garden Strand under frakting av ved.

1839

I 1839 drukna to mann frå Kråkevåg under fiske.

1840

Nyttårsafta 1840 drukna far og son og ei jente frå Leknessund.

1841

I 1841 drukna eit ektepar og ei ung jente frå Viken på veg til kyrkje.

1847

Den 27. august 1847 omkom sju konfirmantar, tre gutar og fire jenter, på veg heim frå Eivindvik til Ytre Solund. Same året omkom fem mann frå Utvær under fiske. I 1847 omkom ein dreng og ei jente frå Færøy. I 1847 drukna far og son på garden Strand under fiske.

1850

I 1850 miste ein mann og ei jente frå Grønnevik livet ved drukning.

1851

I 1851 drukna ein bror og søster frå garden Hagen. Ein annan bror hadde drukna sju år tidlegare.

1852

I 1852 drukna ei kvinne då ho og ektemannen og ei tenestejente kollsiglde ved Gåsvær. Dei to andre berga seg etter å ha drive på båtkvelvet i mange timar inn til Lågøy.

1855

I 1855 drukna to mann frå Saltskåren og Færøy.

1861

I 1861 miste ei kvinne i Leknessund livet ved ein fjøsbrann då ho freista å berge ut dyra.

1862

I 1862 miste tre menn frå Færøy livet på sjøen. I 1862 drukna ein mann og ein gut frå Gavlen.

1863

I 1863 kollsiglde og druka to brør frå Leirvågen i Liasundet.

1864

I 1864 vart ei kvinne drepen av eit steinras i Hatlevikja ved Rånøy.

1866

Den 4. april 1866 omkom ni menneske då to båtar forliste på fiske. I den eine var det fire unge menn frå Kolgrov og ei jente frå Kverhella som omkom, medan ein mann berga seg i land på noko vrakgods. I den andre båten var det fire menn frå Husøy.

1869

I 1869 omkom fire menn frå Hersvik under garnfiske, tre av dei frå same familie.

1878

I 1878 omkom to menn og ein 16 år gamal gut frå Trovåg like fram for nausta i Trovåg.

1881

I 1881 drukna fem menn frå Vika, Hersvik og Færøy under sildefiske.

1882

I 1882 kollsiglde tre menn frå Leirvågen på Sognefjorden på veg mot Skjerjehamn. To drukna, den andre berga seg på båtkvelvet inn til Kråkevåg.

1898

1898

I 1898 drukna tre menn frå Steinsund på Sognefjorden under frakt av nokre husdyr til Skjerjehamn i Gulen.

1906

I 1906 drukna tre menn frå Oddekalv på veg heim frå rettsmøte i Steinsund.

1908

I 1908 vart 26 år gamle Johanna Oddekalv drepen då lynet slo ned i stova på Oddekalv.

1909

I 1909 miste ei kvinne frå Nåra og den fem år gamle dottera hennar livet ved ei ulukke. Årsak er ukjend.

Heile mannskapet omkom

Under 1. verdskrig dreiv den forliste seglskuta ”Christiana” inn på Hårrevågen. Alle om bord var døde.

1918

I 1918 omkom ein av mannskapet då 4000-tonnaren ”Mathilda” forliste og sokk ved Ospa. Mannskapet berga seg på eit snautt skjer, og ein av dei drukna då han freista å symje i land.

1920

I 1920 drukna ei kvinne og ein mann i Hopsosen.

1921

I 1921 drukna tre menneske, far og dotter og ei kvinne, alle frå Skarnagel, i Åfjorden.

Indrevær. Fire mann derifrå drukna i 1923. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Indrevær. Fire mann derifrå drukna i 1923. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

1923

I 1923 drukna fire mann frå Indrevær medan dei arbeidde med å løyse eit anker som hadde sett seg fast på ei flu ved Kvalvik.

1940

I 1940 miste fire unggutar frå Indrevær livet ved i sprengingsulukke med ei mine. Dei hadde funne mina i fjæra og prøvde å demontere henne då ho gjekk av.

1943

1943 gjekk sildedrivaren «Havbryn» ned med ni mann under fiske ved Solund. Båten vart truleg sprengd av ei mine.

1949

I 1949 drukna sju personar då frakteskipet «Bandak» forliste ved Grønholmen utanfor Nesøy.

1956

I 1956 omkom to unge gutar frå Trovåg ved drukning.

1978

I 1978 vart Ludvik Råke drepen av eit steinras under arbeid i utmarka på garden Råke.

Denne vågen i Solund var full av oljesøl etter skipsforliset i 1989. Foto: NRK, frå tv-reportasje.

Denne vågen i Solund var full av oljesøl etter skipsforliset i 1989. Foto: NRK, frå tv-reportasje.

1980

19. oktober 1980 omkom fem mann, far og to søner frå Solneset, ein mann frå Storøy og ein mann frå Bergen då fiskebåten «Solnes» forliste på Hollevikflua på Stavfjorden - sjå elles Bernt Ravnøy.

Mercantil Marica-forliset

I Sognesjøen i 1989 førde til omfattande oljesøl i Solund.

2003

I romjula 2003 miste ein mann livet ved ein husbrann i Nessa.

2013

Den 30. oktober 2013 omkom to menn då ein fritidsbåt havarerte på veg frå Lågøy til Ytre Sula.

Mannskap leitar etter dei to sakna frå havariet i oktober 2013. Foto: Alf Vidar Snæland.

Mannskap leitar etter dei to sakna frå havariet i oktober 2013. Foto: Alf Vidar Snæland.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.06.2015