Hopp til innhold
X
Innhald

Ulukker i Vik

Naturen i Vik tilseier at innbyggjarane går i fare for stein- og snøskred. Dette viser og att i enkelte stadnamn, som Otterskred på vestsida av Arnafjorden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Naturen i Vik tilseier at innbyggjarane går i fare for stein- og snøskred. Dette viser og att i enkelte stadnamn, som Otterskred på vestsida av Arnafjorden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I dette oversynet er berre større og spesielle hendingar tekne med:

1500-talet

Den første kjende skredulukka i Vik er frå 1500-talet då eit snøras frå fjellet Sopa ved Geithus mellom Arnafjorden og Finnafjorden råka ein robåt slik at mannen ombord drukna.

1707

I 1707 omkom mann og kone då garden Øvstedal vart teken av skred. Borna deira overlevde.

1746

I 1746 omkom ein mann frå Risløv i Ovrisdalen då han vart teken av eit snøskred.

1761

I 1761 omkom tre menneske på Vetløyri i eit jord- og steinskred.

Skredulukker på Bruavoll

I 1775 raserte eit jordskred det meste av åkerlandet på garden Bruavoll. Også i 1880 gjekk det skred som øydela to hus på Bruavoll. I 1931 omkom eit eldre ektepar då eit snøskred tok bustadhuset på Bruavoll. Fem andre som sov i huset, overlevde.

1777

I 1777 omkom eit ektepar og dei to borna deira i eit skred på garden Hola. Dei frykta skred denne uvêrsnatta og flytta frå stovehuset og ut i eit utløe. Men så vart det utløa som vart råka av skredet.

1780

I april 1780 omkom sju personar etter at dei hadde vore på skjenkestova på Vikøyri: Ein mann gjekk utfor brua og drukna i Vikja, og fem menn og ei kvinne drukna i fjorden.

På Nese i Arnafjorden omkom 45 menneske i 1811. Raset trefte eit klyngetun som låg bak husa vi ser midt på biletet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

På Nese i Arnafjorden omkom 45 menneske i 1811. Raset trefte eit klyngetun som låg bak husa vi ser midt på biletet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skredet i 1811 tok 45 menneskeliv

Utanom dei store rasulukkene i Lodalen i 1905 og 1936, er skredulukka på garden Nese i Arnafjorden den 2. desember 1811 ei av dei største naturkatastrofene i Noreg i nyare tid.

1827

I 1827 omkom ein gut omkom ein to år gamal gut i i Tretteteigen i Fresvik i eit steinras.

1829

I 1829 øydela eit skred 13 hus på garden Øvstedal. Folket hadde frykta skred, og hadde evakuert husa. Dei tok med seg hestane, men resten av bølingen vart att, og strauk med.

1830

I 1830 vart mest alle hus og mykje av jorda på Nedre Hatlelid i Fresvik øydelagd av eit jordskred. Folket berga seg, men dei fleste husdyra vart drepne.

Brannen på Vikøyri 1838

Brannen er ein av dei største i Noreg i nyare tid. På fire timar var ialt 294 hus lagde i oske.

1840

I 1840 drukna tre menn frå Arnafjord på veg til Bergen.

Skreda i Fresvik i 1847

omkom eit ektepar og dottera deira då eit skred tok garden Høgheim i Fresvik.

1843

I 1843 drukna to gutar frå Valsvik. Omstenda er ukjende.

1857

I 1857 omkom ei 16 år gamal jente i eit steinskred på Flæte i Fresvik.

1862

I 1862 omkom to personar på Åse i eit snøskred.

1869

I 1869 fraus ein mann frå Vangsnes i hel under vinterfiske i Gulen. Ein annan ombord vart såvidt berga.

Skredskadar på Lee

På Lee-gardane ved Arnafjorden har ras gjort mykje skade fram gjennom tida.

1874

I 1874 omkom tre menn frå Vangsnes då dei kollsegla på fjorden mellom Veganeset og Vangsnes med ei vedlast. To av dei omkomne var far og son.

Ni menneske omkom i Fresvik

I 1882 omkom ni menneske i eit jordskred på to gardar på Hov i Fresvik. Av desse var seks frå same huslyden. Dei tre andre var tenestefolk.

1897

I 1897 vart ei budeie stanga i hel av ein framand okse på stølen i Grøndalen på Vikafjellet.

1902

I 1902 omkom ein 25 år gamal mann i eit snøskred på Tuftahaug.

1911

I 1911 omkom ein mann og ei av døtrene hans då ei frakteskute eigd av Jens I. Bøthun frå Fresvik, vart rend i senk av rutebåten ”Fjalir” ved Følafoten i Gulen. Dei omkomne tilhøyrde ein familie med foreldre og fem born som var på flyttefot frå Sogn til Masfjorden.

Johannes M. Dale fraus i hel på Vikafjellet i 1921. © Vik lokalhistoriske arkiv.

Johannes M. Dale fraus i hel på Vikafjellet i 1921. © Vik lokalhistoriske arkiv.

1914

I 1914 omkom far og son då dei vart tekne av snøskred ved Klepp i Fresvik. Skavlen som losna og drap dei to har sidan vorte kalla Hermundskavlen etter bonden som vart drepen. Ein minnestein er reist på staden der ulukka hende.

1921

I 1921 omkom den 21 år gamle Johannes M. Dale frå Vik på Rivedalsfjellet etter å ha freista å ta seg heim til Vik frå Voss på ski kring påsketider. På Voss gjekk han på landsgymnaset. Dale hadde truleg frose i hel.

Brannen på Vikøyri i 1922

Den 20. januar 1922 vart 39 hus på Vikøyri totalskadde av brann, og fleire hus fekk store brannskader. Ingen personar vart skadde i brannen.

Det har vore to storbrannar på Vikøyri, i 1838 og 1922. Dette biletet er teke etter brannen i 1922. Foto: O. P. Fosse, eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Det har vore to storbrannar på Vikøyri, i 1838 og 1922. Dette biletet er teke etter brannen i 1922. Foto: O. P. Fosse, eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

1923

I 1923 omkom ein mann i Framfjorden då han vart riven med på ein løypestreng.

1928

I 1928 omkom ein 43 år gamal mann i eit snøskred på Geithus.

I 1928 omkom ein mann frå Refsdal i Vik og kona hans i eit snøskred i Myrkdalen i Voss kommune.

1929

I 1929 omkom ein ung mann då han vart teken av snøras i Bøadalen.

1931

I 1931 omkom eit ektepar på ein gard i Seljedalen då eit jord- og steinskred knuste husa på garden.

1936

I 1936 drukna to menn frå Fresvik då robåten som dei hadde lasta med ved, gjekk rundt i austakulingen på Sognefjorden.

1950

I 1950 sopte ein stort steinras ei løe, naust og ei bryggje på fjorden i Fresvik.

I 1955 tok eit snøras ein lastebil i Skredene på vegen opp til Vikafjellet. Heldigvis gjekk det ikkje menneskeliv. Foto: Vagn Horn Fjalestad. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

I 1955 tok eit snøras ein lastebil i Skredene på vegen opp til Vikafjellet. Heldigvis gjekk det ikkje menneskeliv. Foto: Vagn Horn Fjalestad. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

1962

I 1962 omkom ein vegarbeidar under fjellsprenging på veganlegget Vangsnes-Feios.

Røyken stig opp frå staden der eit fly styrta i 1963. Foto: Bergens Tidende.

Røyken stig opp frå staden der eit fly styrta i 1963. Foto: Bergens Tidende.

1963

I 1963 omkom flygaren og fotografen då eit fly frå Widerøes Flyveselskap som var ute på foto-oppdrag, styrta i Vik. Flyet støytte mot ein løypestreng.

1965

I 1965 drukna to menn under dykking utanfor Ligtvor.

1966

I 1966 omkom ein 25 år gamal mann frå Framfjorden av elektrisk støyt under arbeidet med ein transformator.

1979

I 1979 omkom ein seks år gamal gut då oppstillingsplassen på ferjeleiet på Vangsnes seig ut, og guten fylgde bilen han sat i i fjorden.

1988

I 1988 omkom ein mann frå garden Tryti då han gjekk seg utfor berga under saueleiting i Mannsbanefjellet.

2013

I 2013 omkom ein eldre mann då han med ein traktor køyrde på ein husvegg.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.05.2013