Hopp til innhold
X
Innhald

Utvær fyr

Utvær fyr. Foto: Magne Hamre.

Utvær fyr. Foto: Magne Hamre.

Utvær fyr er eitt av dei store og viktigaste fyra på Vestlandskysten. Men sjølv om Utvær låg midt i eit rikt fiskefelt, gjekk det etter måten lenge før det kom fyr på øya, samanlikna med fiskefyra kring Kinn. (sjå "Fiskerifyra kring Flora").

Fyrkommisjonen vurderte ikkje Utvær verken i 1851 eller 1855. Først i 1896 kom det med i planane etter at Bergen Kystskipperforening hadde purra på at det måtte byggjast fyr både der, på Geita ved Lutelandet og på Kvanhovden ved Frøysjøen.

Det 31 meter høge støypejernstårnet vart levert av firmaet P.H. Lundh og vart montert i 1900. Bustadhuset fekk tre husvære for fyrvaktar, assistent og reserveassistent.

Under 2. verdskrig var Utvær fyr eitt av dei mange norske fyra som vart sterkt skada i allierte flyåtak (sjå også «Krigshistoria i Vågsøy»). Lykt og linse vart øydelagt og bustadhuset brann ned til grunnen. Det vart bygd opp att i 1948. Utvær fekk såkalla bifyr i 1952 og radiofyr i 1954.

Utvær er med i verneplanen for norske fyr. Fyret vart automatisert i 2004. Utvær var saman med Ytterøyane fyr vest for Florø dei siste fyra i Sør-Noreg som vart automatiserte.

I 2010 vart organisasjonen Vener av Utvær skipa. Same året starta organisasjonen med restaurering av fyret.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.08.2013