Hopp til innhold
X
Innhald

Utviklinga av tettstaden Førde

Førde by night i 2008. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Førde by night i 2008. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Elva Jølstra deler Førde sentrum i to. Denne delinga har prega utviklinga i Førde gjennom fleire hundre år: Sjøahola og kyrkjestaden Skei på nordsida fekk den første kremmaren og embetsgardane, for der var det lettast å samle folk før den første brua kom. Nye vegar og bru over Jølstra gjorde at Hafstad på sørsida fekk veksten frå byrjinga av 1800-talet og utover. 200 år seinare har store handelshus, rutebilstasjon, hotell og kulturinstitusjonar på nytt flytta tyngdepunktet i byen nord om elva.

Handelsstaden Sjøahola

Like under kyrkja på Skei var det gamle ”handelssenteret” i indre Sunnfjord. Fram til elvebrotet i 1780, gjorde Jølstra ein stor sving oppunder Skei.

Førde i 1953. Flyfoto frå Johan Ottesens arkiv.

Førde i 1953. Flyfoto frå Johan Ottesens arkiv.

Det store elvebrotet i 1780

Vinteren 1780 skal stor isgang i Jølstra gjort at elva fleire stader braut seg nytt far.

Hafstad og Steinen

Hafstad – d.v.s. noverande sentrum sør-område – tok over som handels- og kommunikasjonsmessig sentrum etter Sjøahola då Den trondhjemske Postvei vart opna i 1785.

Vekstsenteret Førde

I 1965 var Førde ein av i alt ni stader kringom i landet som vart peika ut som såkalla vekstsenter av Staten. Ingen stader vart denne statlege satsinga så vellukka som i Førde, som på eit par tiår bygde seg opp til å verte det største som eit handels- og servicesenteret mellom Bergen og Ålesund.

Førde sett frå Slåttebakkane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde sett frå Slåttebakkane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.11.2010