Hopp til innhold
X
Innhald

Vadheim og vonbrota

På Hovlandsøyra til høgre i dette biletet var det planar om både storindustri og jernbaneterminal, men det vart med planane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På Hovlandsøyra til høgre i dette biletet var det planar om både storindustri og jernbaneterminal, men det vart med planane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vadheim vart eit leiande handelsenter, trafikknutepunkt og industribygd kring 1900. Men det kunne blitt mykje meir dersom også andre utviklingsplanar hadde vorte realiserte:

Kring 1900 var det ikkje berre Edgar Allen Ashcroft som sikra seg fallrettar kring Vadheimsfjorden. På austsida hadde fossespekulantar kjøpt dei viktigaste fossefalla i 1899. Ei tid var det aktuelt å utnytte fossekrafta til storindustri på Hovland i Vadheim, men i staden vart elvane demde av og regulerte over til Høyanger. Kraftstasjonane der gav grunnlaget for aluminiumsverket i 1917.

Kring første verdskrig låg det føre store planar om jernbaneferje Flåm-Vadheim og jernbaneliner nordover til Trondheim. På den vide øyra ved Vadheimsfjorden vart det sett av plass til stor jernbanehamn; Vadheim jernbaneterminal. Derifrå skulle toga gå nordover gjennom ein tunnel mot Ytredalen og Sande.

Ei anna jernbaneline skulle verte ei vestlandsk stamjernbane frå Bergen til Trondheim, med jernbanehamner i Tredal på sørsida og Vadheim på nordsida for kryssing av Sognefjorden. Lina gjekk på folkemunne for «Trædals-lina» etter den største agitatoren for prosjektet, stortingsmann Lasse Trædal. Utviklinga av bilismen på 1920-talet sette bom for jernbaneeventyret både i Vadheim og elles i fylket.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 03.09.2010