Hopp til innhold
X
Innhald

Variert drift og storkonsern

Domstein-anlegget på Trollebø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Domstein-anlegget på Trollebø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fram til 1980-talet var fiskeindustrien i Måløy i stor mon basert på fiskeråstoff med store sesongsvingingar i leveransane: Sild, makrell, rundfisk, lodde osb. I lange bolkar av året var det minimal aktivitet på mange anlegg.

Jarl Magne Silden og Veststeinen er representantar for det moderne fiskeri-Vågsøy. Foto: Asgeir Reksnes, NRK.

Jarl Magne Silden og Veststeinen er representantar for det moderne fiskeri-Vågsøy. Foto: Asgeir Reksnes, NRK.

Frå 1980-talet og framover har difor Måløy-industrien satsa medvite på ei sterkt variert drift gjennom heile året, basert på jamn råstofftilgang frå oppdrett og fiske i Nordsjøen og fjerne farvatn som Barentshavet og kring Svalbard. Strategien er å sikre kundane jamn tilførsel av alle typar fiskeprodukt gjennom heile året.

Ved tusenårsskiftet er fiskeindustrien i Måløy dominert av to av dei største fiskerikonserna i verda: Pan Fish med Bryggja-mannen Arne Nore i spissen, og Domstein-konsernet, med hovudsete i Måløy. På litt ulikt vis, baserer begge seg på å vere såkalla ”full-integrerte selskap” – dvs. at dei kontroller heile prosessen frå fiskebåt og fôrproduksjon, til foredling og salsledd i verdsomspennande kjeder.

I motsetning til mange andre, har det heilt sidan tidleg 1900-tal, vore ein styrke for Måløy-samfunnet at det er bygt produksjonsanlegg som kunne nytte seg av heile fisken, ikkje berre fiskekjøtet: Trandamperi og fôrmjølfabrikkar vegg i vegg med filetfabrikkane har teke seg av «avfallsprodukta».

Not på fiskerikaia i Måløy. Foto: Arild Nybø, NRK.

Not på fiskerikaia i Måløy. Foto: Arild Nybø, NRK.

Les også om: Ny epoke då vintersilda svikta

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 26.10.2011