Hopp til innhold
X
Innhald

Vestlandske Kraftsamband

Vestlandske Kraftsamband heitte eit selskap som vart skipa i 1955 for å byggje ut overførings- og samkøyringsliner på Vestlandet.

Vestlandske Kraftsamband fekk hovudkontor på Sandane, med Kåre Herland som direktør. Dette selskapet danna også utgangspunkt for at det fylkeseigde Sogn og Fjordane Energiverk (seinare Sogn og Fjordane Energi AS) la hovudkontoret sitt dit ved skipinga i 1968.

Direktør Herland i Kraftsambandet vart no direktør i SFE.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.01.2011