Vevring Afholdsforening i 1854
Frisleppet av heimebrenning i 1816 førde etter nokre år med seg enorm sosial naud og kriminalitet – også kringom på bygdene. Først i 1845 stramma styremaktene inn og fekk skjenkinga inn att i regulerte former på gjestgiveria.
Den nye fråhaldrørsla med Asbjørn Kloster i spissen mobiliserte mot brennevinsflaumen og den sosiale nauda den skapte, og haugianarane i Sunnfjord stod i brodden for fråhaldsrørsla i distriktet.
Eit av dei første lokale fråhaldslaga vart skipa i Vevring så tidleg som i 1854, og det var truleg haugianarane Anders Haave og særleg Mads Iver Wefring som stod i brodden for skiping av laget. Wefring var emmissær som utdanna seg til prest, og var også reisetalar for «Foreningen mod Brændevinsdrik».
Laget i Vevring fekk stor oppslutnad – 268 medlemer i 1868.
Les også om:
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 20.01.2009