Hopp til innhold
X
Innhald

Vik Bondevensforening

Vik Bondevensforening vart skipa i 1870. Dette var eit lag som slutta seg til «bondevenrørsla» kring stortingsmann Søren Jaabæk (1814-1894).

Jaabæk vart fremste talsmann for sparepolitikken i Noreg i siste halvdel av 1800-talet, og fekk difor tilnamnet «nei-bæk» på Stortinget fordi han røysta imot dei fleste offentlege utgifter. I Vik arbeidde foreininga m.a. for skiping av eit handelslag, og var aktiv i kampen som elles vart ført i desse åra for å få lagt ned fylket sin jordbruksskule på Mo i Førde som ein lekk i sparepolitikken.

I alt fanst det 300 bondevensforeningar kringom i landet, og laget gav ut medlemsavisa «Folketidende». I Sogn og Fjordane hadde bondevens-rørsla 25 lag med 2581 medlemer, og stod særleg sterkt i Gaular kommune - sjå: Bondevensforeiningar i Gaular.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.01.2009