Hopp til innhold
X
Innhald

Vik Idrettslag

Ann Kristin Aafedt Flatland er den fremste idrettsutøvaren Vik har fostra. Her er ho på standplass i eit verdscuprenn. Foto: Kyrre Lien, Scanpix.

Ann Kristin Aafedt Flatland er den fremste idrettsutøvaren Vik har fostra. Her er ho på standplass i eit verdscuprenn. Foto: Kyrre Lien, Scanpix.

Vik Turn og Idrettslag vart skipa i 1905. Namnet vart endra til Vik Idrettslag i 1969. Laget har særleg merka seg ut med gode skiskyttarar. Ann Kristin Flatland er den mest framståande. Ho kom med på det norske skiskyttarlandslaget i 2007.

Turntroppen til Vik Turn og Idrettslag ein 17. mai på 1930-talet. Frå venstre Gudrun Lilleøren, Bjørg Fosse Holstad, Anna Vikøren Fagerheim, Olga Åsen, Helga Øen, Barbra Liljedahl, Eilif Rivedal, Ola Skagen, Herman Svendsen, John B. Hove, Einar Holstad, John Halrynjo, Endre Vange, Harald Lilleøren, Ivar S. Vikøren og Marta Skagen. Ukjend fotograf. Eigar: Aslaug Sjølseth/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Sterkt skiskyttarmiljø

Ved sida av Stårheim Idrettslag i Eid kommune har Vik det sterkaste skiskyttarmiljøet i Sogn og Fjordane. Den første som markerte seg på nasjonalt plan var Berit Kolltveit då ho i 1992 tok sølv i junior-NM i Meldal. Ho var også med på Sogn og Fjordane-laget som tok sølv på stafetten i same meisterskap.

På 1980-talet tok unge utøvarar frå Vik til å hevde seg i skiskyting. Dette er frå KM i Lærdal i 1987. Berit Kolltveit, Gro Mykkeltvedt og Laila Grov henta heim gullmedalje i stafett. Ukjend fotograf. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Seinare nådde både Arna Kolltveit, Ann Kristin Aafedt Flatland, Ingvild Flatland og Joar Tistel nasjonalt nivå som juniorløparar - Joar Tistel også i triatlon. Ann Kristin Aafedt Flatland nådde lengst, ho har m.a. sikra seg ein olympisk gullmedalje og siger i verdscuprenn i skiskyting. Tormod Urnes gjorde eit stort arbeid som trenar og leiar då skiskyttarmiljøet i Vik voks fram på 1980-talet, og seinare har Johan Tistel, Halvor Flatland, Knut Mykkeltveit og Solveig og Oddvar Kolltveit gjort ein stor innsats. Med stor dugnadsinnsats har Vik Idrettslag bygd opp ein skiskyttararena med høg standard.

Vik Idrettslag har hevda seg godt i mange stafettar. Her har vikjene vunne Breimstafetten i 1980. Framme på huk sit Erling Stadheim. Frå venstre Arnfinn Seim, Arne Inge Sæbø, Jens Brekke, Edvin Kaldestad, Herman Bjordal, Jon Ulvund, Sigbjørn Tonning,  Asbjørn Holstad, Oddvar Grønsberg og Helge Grønningsæter. Ukjend fotograf. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Friidrett

Vik er også kjend som ei sterk friidrettsbygd. Einar Stokkebø er ein av dei fremste langdistanseløparane frå fylket med femteplass i NM som beste prestasjon. Vik hadde også sterke stafettlag på 1970-talet, og har stilt både dame- og herrelag i elitegruppa under Holmenkollstafetten.

Vik stadion. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vik stadion. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vikjastafetten

Vik Idrettslag har skipa til Vikjastafetten sidan 1946.

Idrettshall i Vik

Kommunen tok i 1998 i bruk ny idrettshall - Blixhalli, kalla opp etter kyrkjebergaren Peter Andreas Blix (sjå denne).

Idrettshallen Blixhalli ligg vegg i vegg med Flatbygdi skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Idrettshallen Blixhalli ligg vegg i vegg med Flatbygdi skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 

Sist oppdatert: 20.07.2011