Villa Strandheim

Villa Strandheim er ein av dei største villaene i drakestil i bygda.
Den ligg like ved strandkanten, der Dahl bygde bryggje, badehus og naust i same stil. Hans Dahl vart ein nær ven av Keisar Wilhelm II av Tyskland, som i 1910 utnemnde han til «kongeleg prøyssisk professor». Kvar sommar heldt Dahl store hagefestar ved Villa Strandheim. Her var keisaren fast gjest. I 1910 bygde kunstnarsonen Hans Andreas Dahl atelier like ved faren sin villa.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 28.07.2011