Hopp til innhold
X
Innhald

Vrakvaktar stasjonert ved Måløysundet

På Kulen til høgre i dette biletet heldt strandfuten til på 1600-talet. Her var det og gjestgiveri på den tida. Dette biletet er frå 1950. Vi ser fiskebåten ”Skår Senior” passere Moldøen på veg til fiskefelta ved Shetland. Huset vi ser i høgre biletkant vart rive då Måløybrua vart bygd på 1970-talet. Foto: Leif Blålid. Eigar: Leif Blålid/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kulen er odden som ligg på fastlandssida ved den trange Måløystraumen. Her dreiv Søren Pedersøn gjestgiveri kring 1650.

Men det var ein annan person som budde på Kulen på same tid, og som var vel så interessant i kysthistoria: Strandfuten Knut Jetmundsøn.

Strandfutane, eller strandfogdane, var ei ordning som danskekongen skipa midt på 1600-talet. Strandfutane vart plasserte på strategiske stader langs kysten for å halde vakt over skipsvrak og drivgods slik at det ikkje vart plyndra. Dei skulle også halde vakt og knipe folk som prøvde seg på smugling. Ordninga med strandfutar vart oppheva i 1690.

I tillegg til oppgåvene som strandfut i ytre Nordfjord, var Knut Jetmundsøn på Kulen også skysskaffar. Skyssskaffarane hadde til oppgåve å samle saman rorskarar som hadde plikt til gratis å skysse Kongens embetsmenn og kyrkja sine geistlege når dei måtte trenge det.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 21.04.2010