Hopp til innhold
X
Innhald

Wolff-familien tek over

I 1855 selde Knud Kraft Holck det meste av Leirvik til Johan Wolff frå Manger (sjå Offisersgarden i Leirvik), og i mange tiår etter vart Wolff-familien den sentrale handelsfamilien i Leirvik.

Johan Wolff overtok som gjestgjevar og skysskaffar etter Holck-folket, og i 1873 starta han landhandel, og fekk også bygd eit stort pensjonat i sveitsarstil. Wolff styrde elles både post og telefon, og var damskipsekspeditør. Han sat som ordførar i Hyllestad i 27 år.

I 1899 vart forretninga flytta til kaia og utvida. - Sjå meir under Forretningsfamilien Wolff .

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.01.2009