Hopp til innhold
X
Innhald

Brekke eigen kommune att i 1904

Utsyn over Brekkebygda frå Toregjerdhaugen i 1910. På denne tida hadde Brekke på ny blitt eigen kommune. Mannen på kjerra er Erik Wergeland som var på veg heim etter ein tur på Tynningstølen.  Foto: Herman Wergeland. Eigar: Hermod B. Tynning/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

I 1888 vedtok kommunestyret med 18 mot fem røyster å dele kommunen i to etter fjorden, men fylkestinget avslo søknaden.
Men kravet om deling kom opp att i 1903. Med tilråding frå fylkestinget vedtok regjeringa den 1. oktober 1904 å dele Lavik kommune, slik at mesteparten av sørsida vart eigen kommune med Brekke som namn. Men deling skjedde ikkje heilt «etter fjorden»: Dei austlegaste bygdene på «Lavik sørside» - dvs. bygdene frå Indre Oppedal, rundt Ikjefjorden og til Åkre vart hengande med i Lavik kommune heilt fram til 1964, då dei saman med Lavik gjekk inn i storkommunen Høyanger. Då sparebanken bygde eige hus i Brekke i 1914, flytta kommuneadministrasjonen inn der saman med distriktslegen og folkeboksamlinga. Brekke var administrasjonsstad for Brekke kommune heilt fram til den store kommunereguleringa i 1964. Men heilt frå delinga i 1904 og fram til kommunereguleringa i 1964, måtte Lavik og Brekke delast om mange offentlege tenester. Dette galdt m.a. lensmann, lege og prest.

I dette huset som sparebanken bygde heldt kommuneadministrasjonen i Brekke til frå 1914 til kommunesamanslåinga i 1964. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I dette huset som sparebanken bygde heldt kommuneadministrasjonen i Brekke til frå 1914 til kommunesamanslåinga i 1964. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gulen kommune på eiga halvøy

Ved kommunereguleringa i 1964 vart Brekke og Gulen kommunar slegne saman til Gulen kommune, som no grovt sett dekkjer bygdelaga på halvøya som dannar seg mellom Fensfjorden og Sognefjorden og øyane utanfor halvøya. Men bygdene aust for Indre Oppdal gjekk altså til Høyanger kommune, og øya Losna på nordsida av Sognefjorden gjekk over frå Gulen til Solund kommune.

Førre side: Kommunen blir Gulen

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 16.08.2010