Hopp til innhold
X
Innhald

Brekke frå og til

Kart over Brekke herad slik grensene var frå 1904 til 1964. © Fylkesarkivet.

Kart over Brekke herad slik grensene var frå 1904 til 1964. © Fylkesarkivet.

Mest omskifte som kommuneeining har Brekke kommune hatt fram gjenom tida: Den høyrde først til «storkommunen» Evenvig/ prestegjeld frå 1837 til 1850. Så vart Brekke sjølvstendig kommune i 1850, etter at folk i Brekke gjorde krav på eigen kommune.
Men denne «fridomen» varde berre i 9 år: Sjølv om ordførar Lasse Fram-Brekke protesterte til regjeringa, vart Brekke sokn lagt under Lavik prestegjeld i 1859, og kommuneordninga fylgde med. Difor var Brekke frå 1859 til 1862 ein del av ein «storkommune» samansett av Brekke, Lavik og Bø. Bø er no austlegaste delen av noverande Hyllestad kommune: I 1861 vart Hyllestad kommune skipa av Bø sokn - dvs. Leirvik og bygdene kring Bøfjorden, pluss sørlege luten av Askvoll kommune. Men Brekke vart framleis verande i ekteskap med Lavik på nordsida av fjorden heilt til 1904. Då vart Brekke etter mykje indre strid skilt ut som eigen kommune, og var det heilt til den store kommunereguleringa i 1964. Då kom Brekke tilbake der den ein gong hadde høyrt til: Ein del av Gulen kommune saman med Eivindvik-soknet.

Heradstyret i Brekke samla i 1925. Framme frå venstre Mons Instefjord, Johannes N. Hjartholm, Sjur I. Hjartholm, ordførar Ola K. Oppedal, Ivar T. Asheim, Jakob Breivik og Ivar S. Haugland. Bak frå venstre Georg Instefjord, Halvard H. Oppedal, Johannes B. Takle og Hans Engesæter. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Meir om striden som førde til skilsmålet Lavik-Brekke i 1904 kan du lese på dei neste sidene:

Neste side:

Kommunen blir Gulen

Førre side:

Gulen og Solund saman

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 16.08.2010