Hopp til innhold
X
Innhald

Dale var eige len og futedøme

Dale sett frå Sørheim. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Dale sett frå Sørheim. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Fram til 1565 var heile Sogn samla i eitt len - dvs. den tids «fylke». Men dette året skilde den dansk-norske kongen ut Dale prestegjeld i Luster som eige len - med eigen lensherre.

Den første som fekk råderett over dette «mini-lenet», var skrivar Anders Nielsen i Kroken. Han var kom dit som andre ektemaken til Anna Kruckow, dotter til den mektige riksråden Johan Kruckow. Men Anders Nielsen fekk økonomiske problem og gjekk frå lenet i 1570.

Dei neste fem åra var det ein Otte Galskytt som var lensherre for Dale len, og frå 1575 til 1614 Anders Green - ein mann som hadde vore sekretær for kongen og seinare vart kanslar i Noreg. Då han døydde i 1614, vart Dale len lagt under Bergenhus.

Historikaren Arne Kvitrud meiner at futen på Dale sannsynlegvis også hadde ansvaret for Årdal og Lærdal, og dermed inntekter også derifrå.

Kvitevollhuset som står på Sogn Folkemuséum på Kaupangerskogen er eit døme på embetsmannshusa i Luster. Dette huset stod på Nygard ved Dale kyrkje, og her budde lensmannen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kvitevollhuset som står på Sogn Folkemuséum på Kaupangerskogen er eit døme på embetsmannshusa i Luster. Dette huset stod på Nygard ved Dale kyrkje, og her budde lensmannen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den illgjetne Dale-futen Peder Frost

Korkje lensherrane Nielsen, Galskytt eller Green busette seg i det vesle minilenet sitt inst i Lustrafjorden, men styrde det med eigne futar. Anders Nielsen i Kroken utnemnde Peder Frost som fut i Dale, og han vart i alle høve sitjande i embetet til 1590, då det vart reist sak mot han med i alt 27 klagepunkt.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.03.2011