Hopp til innhold
X
Innhald

Gulen og Solund saman

Losna er i dag ein del av Solund kommune. Men både denne øya og store delar av noverande Solund kommujne var lenge ein del av gulen. . Foto: Ottar Starheim, NRK.

Losna er i dag ein del av Solund kommune. Men både denne øya og store delar av noverande Solund kommujne var lenge ein del av gulen. . Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ved innføring av formannskapslovene i 1837 vart kommunegrensene lagde etter grensene for prestegjelda. Såleis omfatta Gulen kommune dei første åra både Evenvig (Eivindvik) sokn - dvs. vestre del av noverande kommune, og Brekke sokn mot aust.
I tillegg høyrde dei søre lutane av noverande Solund kommune - Utvær sokn - til den første kommuneeininga. Første ordførar i Gulen var prost Niels Griis Alstrup Dahl frå 1837 til 1848. Fram til 1904 opplevde bygdene i ytre Sogn eit omskiftande tilvære i den kommunale styringa: Kommunedeling og -samling skjedde så ofte at ein kunne tru at folk hadde vondt for å halde styr på kva for ein kommune ein høyrde til i!

Neste side:

Brekke frå og til

Førre side:

Den gamle fylkesgrensa ved Dingeneset

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.08.2010