Hopp til innhold
X
Innhald

Innvik kommune kjøpte hotell

Tendens Hotel på Faleide.

Tendens Hotel på Faleide.

Innvik kommune hadde frå den vart eigen kommune i 1845 kommuneadministrasjonen sin på Faleide. I 1910 kjøpte Innvik Sparebank det tidlegare hotellet til Olai Tenden på Faleide. I tillegg til at banken fekk plass til sine kontor i bygget, vart resten nytta som kommunehus for Innvik kommune fram kommuneadministrasjonen vart flytta over til Innvik på 1950-talet.

I Innvik sentrum hadde eigarane av Unnvik Ullvarefabrikk bygd ein stor murbygning, Urdahuset, der kommunen leigde inn dei fleste kommunekontora fram til Innvik kommune gjekk inn i storkommunen Stryn i 1965.

Urdahuset, der kommuneadministrasjonen til Innvik kommune heldt til. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Urdahuset, der kommuneadministrasjonen til Innvik kommune heldt til. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.01.2010