Hopp til innhold
X
Innhald

Kommunal økonomi og samspel med verket

Årdal kommune har hatt hjelp frå verket i utforminga av m.a. Øvre Årdal til ein moderne industriby. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Årdal kommune har hatt hjelp frå verket i utforminga av m.a. Øvre Årdal til ein moderne industriby. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ved konsesjonen til A/S Tyinfaldene i 1908, sikra Årdal kommune seg ei kontant utbetaling på 100.000 kroner før arbeidet starta. Kommunen skulle dessutan ta ut ei rikeleg mengde gratis kraft frå dei planlagde kraftanlegga.

Skatteinntektene viser kor raskt den gamle jordbrukskommunen vart avhengig av «den nye økonomien» som anleggstida skapte: Midt på 1920-talet svara A/S Tyinfaldene og andre utanbygds selskap for tilsaman 33 prosent av skatteinntektene til Årdal kommune. Anleggsarbeidarane stod for 27 prosent, medan bøndene sto for berre 16 prosent.

Skulpturen Mor og barn utanfor rådhuset på Årdalstangen er laga av kunstnaren Arne Durban og vart avduka i 1960. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Skulpturen Mor og barn utanfor rådhuset på Årdalstangen er laga av kunstnaren Arne Durban og vart avduka i 1960. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Under naudsår og nedtrapping av anlegget på 1930-talet, skaut A/S Tyinfaldene og kommunen inn store summar til sysselsetjingarbeid. Dette galdt m.a. vegane Årdal-Tyin, starta på vegen mellom Tangen og Øvre, vegar og bru i Øvre Årdal og veg til Øvre Ofredal. Kommunen ytte tilskot til jorddyrking og til bønder som ville hyre arbeidslause som drengar.

Samspel kommune og verk

Den økonomiske støtten frå industrien til kommunale tiltak vart forsterka etter 2. verdskrig: Etter vedtaket 8. juli 1946 om å byggje Årdal Verk (sjå Historia i Årdal), måtte det byggjast eit komplett «bysamfunn» for fleire tusen menneske så å seie «over natta». Frå første stund samarbeidde kommune og verk om reguleringsplanar og bustadbyggjing, og den kommunale kontorsjefen Knut Kramviken sto sentralt i dette arbeidet.

Friluftsbadet på Årdalstangen vart bygt som eit dugnadsprosjekt i 1955, men verket hjelpte til m.a. med varmt vatn. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Friluftsbadet på Årdalstangen vart bygt som eit dugnadsprosjekt i 1955, men verket hjelpte til m.a. med varmt vatn. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Tilflytta arbeidarar budde den første tida i tyskarbrakker. Både verket og kommunen bygde eit stort tal bustader dei første åra. Frå 1949 tok Årdal Boligbyggelag seg av ein stor del av bustadbyggjinga. ÅBBL var det første bustadbyggjelaget i fylket, skipa 1949.

Verket ytte tilskot til m.a. vegbygging, skular, forsamlingshus og idrettsanlegg. Det var ein sterk pådrivar i arbeidet med å skaffe industribygda betre samband med omverda med båtruter og vegar. Trongen for transport til Årdal Verk var eit sentralt argument då Indre Sogn kom med på småflynettet med Sogndal Lufthamn, Haukåsen i 1974.

Hydro Aluminium var med på spleiselaget som gjorde at det vart bygt veg til Fodnes og Lærdal, med eit nytt ferjesamband mellom Fodnes og Mannheller. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hydro Aluminium var med på spleiselaget som gjorde at det vart bygt veg til Fodnes og Lærdal, med eit nytt ferjesamband mellom Fodnes og Mannheller. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Les meir om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.05.2011