Hopp til innhold
X
Innhald

Kommunehistoria i Balestrand

Rådhuset vart bygt i 1967. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Rådhuset vart bygt i 1967. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Balestrand var fram til 1849 ein del av storkommunen Leikanger. Ved kommunereguleringa i 1964 vart kommunegrensa mellom Balestrand og Vik ordna etter fjorden. Den store samferdslerevolusjonen som kom med opninga av Fjærlandslina på 1990-talet, gjorde at ein stor del av kommunen gjekk frå Balestrand kommune over til Sogndal kommune.

Skild frå Leikanger

Balestrand kommune vart skipa i 1849 ved at bygdelaga kring Fjærlandsfjorden, Balestrand og Vangsnes vart skilde ut frå Leikanger som eige prestegjeld. Dei tre kyrkjesokna som deretter høyrde under presten i Balestrand, var Fjærland, Tjugum (med grense vest for Flesje) og Vangsnes, og dette vart den nye soknekommunen - eller kommunen.

Nynorsk

Balestrand kommune tok i bruk nynorsk som administrasjonsmål i 1923. Elles var folk frå Kvamsøy sterkt engasjerte i den harde målstriden som gjekk føre seg i Vik kommune kring 1900 (sjå Historia i Vik).

På dette biletet av Balestrand ser vi innover Leikanger kommune til venstre, og til høgre ser vi Vangsnes, som fram til 1964 var ein del av Balestrand kommune. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

På dette biletet av Balestrand ser vi innover Leikanger kommune til venstre, og til høgre ser vi Vangsnes, som fram til 1964 var ein del av Balestrand kommune. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Regulering i 1964

Fram til den store kommunereguleringa i 1964, høyrde bygdene frå og med Lånefjorden i vest, Nessane, Sæle, Kvamsøy, til og med garden Stokkebø ved Målsnes til Vik kommune, medan Vangsnes på sørsida av fjorden høyrde til Balestrand. På austsida av Fjærlandsfjorden høyrde også grendene til og med Eitorn i aust inn under Balestrand kommune. Ved kommunereguleringa i 1964 vart grensene ordna «etter fjorden», slik at Vangsnes gjekk til Vik. Balestrand fekk overført bygdene vestover til og med Lånefjorden frå Vik, medan grendene frå Hella og innover mot Eitorn på austsida av Fjærlandsfjorden - med unntak av ein liten «snipp» ved Tenningen nord for Hella - gjekk til Leikanger.

Rådhus bygt i 1967

Frå 1920 og fram til kommunen bygde rådhus i slutten av 1960-åra, heldt kommuneadministrasjonen til i det tidlegare Hotell Balestrand, som sparebanken hadde kjøpt. Frå 1947 til 1967 heldt kommunekontora til i huset til Svanhild Grøneng. I 1967 vart rådhuset bygd. Fleire offentlege og kommunale kontor har sidan 1988 hatt tilhald i Handelshuset Holmatunet.

Fjærland vart i 2000 skild frå Balestrand. Her ser vi kaia i  Mundal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fjærland vart i 2000 skild frå Balestrand. Her ser vi kaia i Mundal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fjærland fråskild

I 2000 vart Fjærland skild frå Balestrand og lagt til Sogndal kommune. Balestrand kommune grensar i dag mot Høyanger ved Høyangertunnelen, mot Gaular kommune på Gaularfjellet, mot Førde på Jostefonn, og mot Sogndal og Leikanger kommunar i Fjærlandsfjorden.

Kommunestyremøte og isvanskar

Sambandet ut den 27 kilometer lange Fjærlandsfjorden kunne ofte skape vanskar for kommunestyremedlemer frå Fjærland vinterstid når fjordisen la seg: I 1918 hadde møta vorte utsette i lang tid i påvente av at isen skulle bryte opp. Men på etterjulsvinteren gjekk det ikkje lenger: Då reiste balestrendingane så langt dei kunne inn fjorden til Hatlestad med rutebåten «Sogn», medan fjærlendingane tok hestesleden så langt dei kunne utover fjordisen til rutebåten ved iskanten. Så vart kommunestyremøtet sett ombord på rutebåten!

Balestrand samarbeider med Høyanger kommune, m.a. om felles jord- og skogbruksforvalting.

Politisk leiing:

*Ordførarar i Balestrand kommune

Idrettshallen Belehalli. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Idrettshallen Belehalli. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.08.2011