Hopp til innhold
X
Innhald

Kommunehistoria i Førde

Rådhuset i Førde, nesten klar til innflytting i august 2013. Foto: Tale Hauso, NRK.

Rådhuset i Førde, nesten klar til innflytting i august 2013. Foto: Tale Hauso, NRK.

Førde er den folkerikaste kommunen i Sunnfjord og fekk bystatus i 1997. Opphaveleg omfatta Førde kommune også Naustdal prestegjeld – d.v.s. storparten av det som no er Naustdal kommune.

Frå formannskapslovene vart innførte i 1837 og til 1896 og omfatta Førde kommune kyrkjesokna Førde, Holsen og Naustdal. Prokurator Andreas Gunnerus Lind var første ordførar i Førde frå 1838–1840.

Bondevenene første partiet

Kring 1870 vart det skipa Bondeven-forening i Førde, etter initiativ frå Søren R. Holsen. Dette var det første politiske «partiet» i fylket, og var den lokale avleggjaren av det som på riksplanet også var kjent som «jaabækianarar», etter opphavsmannen for rørsla, stortingsmann Søren Jaabæk.

Naustdal var ein del av Førde fram til 1896. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Naustdal var ein del av Førde fram til 1896. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Naustdal vart eigen kommune

I 1887 skreiv 100 naustedøler under på eit krav om at Naustdal måtte bli skild ut som eigen kommune, og i 1896 vart dette vedteke ved kongeleg resolusjon.

Den gamle tingstova der kommunestyremøta vart haldne i mange år.

Den gamle tingstova der kommunestyremøta vart haldne i mange år.

Ved kommunereguleringa i 1965 fekk Førde grendene på sørsida av fjorden frå Naustdal – d.v.s. grendene langs fjorden frå og med Furevik i aust til Heilevang i vest, og dessutan Fauske og Solheimsdalen. Solheimsdalen krins vart knytt til Førde med veg i 1975. Idag grensar Førde kommune mot Jølster ved Moskog, mot Sogndal på Jostefonn, mot Gaular ved Rørvikfloten i Haukedalen og ved Langeland, mot Askvoll vest for Heilevang og mot Naustdal frå stranda aust for Naustdal sentrum og til øvre Angedalen.

Frå 1960 til 2013 leigde Førde kommune lokale i Førde Varehus til kommuneadministrasjonen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Frå 1960 til 2013 leigde Førde kommune lokale i Førde Varehus til kommuneadministrasjonen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kommuneadministrasjon i leigde bygg

I lang tid vart Tingstova i Sjøahola brukt som møtelokale for kommunestyret. Frå 1902 til 1960 heldt kommuneadministrasjonen til i Gamlebanken i Kyrkjevegen. Frå 1960 har kommunen leigd lokale i Førde Varehus, eigd av Andreas og seinare sonen Frank Hjelmeland.

Modell av det nye rådhuset i Førde. Foto: Nordplan.

Modell av det nye rådhuset i Førde. Foto: Nordplan.

Eige rådhus

Kommunen planla på 1970-talet å byggje rådhus der Domus/Mega-varehuset ligg idag, men planen vart skrinlagd. Kommunen gjorde i 2007 avtale med COOP Sogn og Fjordane om å overta samvirkelaget sitt gamle bygg på sørsida for å nytte tomta der til nytt rådhus. I 2011 vart det formelle vedtaket om å byggje rådhuset gjort. Rådhuset er kostnadsrekna til 275 millionar kroner. Rådhuset vart teke i bruk i august 2013.

Brannstasjonen og teknisk etat held til på Øyrane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Brannstasjonen og teknisk etat held til på Øyrane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Første ute med rådmann

Då tidlegare fylkesrevisor Lars Askevold vart tilsett som den første rådmannen i Førde i 1967, var han den første kommunale toppleiaren i Sogn og Fjordane med denne tittelen. Askevold var rådmann i Førde i 21 år. Aud Viken, Arbeidarpartiet, vart i 1988 den første kvinnelege ordføraren i Førde.

Bystatus i 1997

Etter at det kom nye reglar for definisjonen av bystatus i Noreg, gjorde Førde kommunestyre i 1997 vedtak om at Førde skulle verte by. Førde vart dermed den andre byen i Sogn og Fjordane etter Florø.

Politisk leiing:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.06.2015