Hopp til innhold
X
Innhald

Kommunehistoria i Gloppen

Gloppen Heradshus med sitt karakteristiske klokketårn vart reist i 1956. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gloppen Heradshus med sitt karakteristiske klokketårn vart reist i 1956. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Glopparar og breimingar har levd både i kommunalt ekteskap og som skilde fram gjennom tida. Den einaste større frådelinga frå storkommunen Gloppen sidan 1964 er at Lote og Hennebygda på nordsida av Nordfjord er lagde under Eid kommune.

Frå det kommunale sjølvstyret med formannskapslovene vart innført i 1737 og fram til 1886 hadde Gloppen kommune omlag same utstrekning som den har idag.

Første møta på Vereide

Den første ordføraren i Gloppen var bonde Christoffer Nielsen Scherdahlen. Dei første kommunestyremøta vart haldne i ei stove på Vereide. Den første store saka kommunestyret fekk, var kjøp av kyrkjene på Vereide og Gimmestad frå stiftamtmann Hagerup i Bergen. Kyrkjene kom i kyrkjelyden sitt eige i 1841.

Reed i 1955. Flyfoto frå Johan Ottesens arkiv.

Reed i 1955. Flyfoto frå Johan Ottesens arkiv.

Breim skilt ut

Etter krav frå bygdefolket, vart Breim i 1886 skild ut som eigen kommune. Jakob J. Myklebust som hadde vore ordførar i Gloppen i sju år, vart den første ordføraren i nyskipa Breim kommune. Han hadde vervet i 27 år. I den reduserte Gloppen kommune vart Ole J. Hestenes ordførar.

”Lokalet”, der kommunestyremøta i tidlegare Breim kommune vart haldne. Foto: Ottar Starheim, NRK.

”Lokalet”, der kommunestyremøta i tidlegare Breim kommune vart haldne. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lokale spenningar

I den vesle Breim kommune utvikla det seg spenningar mellom Reed og Byrkjelo, særleg etter at vegen gjennom Våtedalen i 1889 gjorde Byrkjelo meir sentralt, og Rebakken ved den gamle Trondhjemske Postvei kom litt i bakleksa. Desse spenningane mellom øvre og nedre Breim kom m.a. fram i lokaliseringsspørsmål om meieri og slakteri (sjå Meieristrid og bygdespenningar).

Utskiljing frå Davik

I 1913 vart den einbølte garden Mettenes mellom Hyefjorden og Ålfoten skilt ut frå tidlegare Davik kommune og lagt til Gloppen kommune.

Plassen mellom heradshuset og sparebanken er tusenårsstaden i Gloppen kommune. Her er det reist eit monument basert på tankeringen som vart funnen i grava til Eidehovdingen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ny samanslåing

Olav B. Bø vart siste ordførar i Breim kommune, og vart varaordførar i storkommunen. Ved den store kommunereguleringa i 1965 vart Breim og Gloppen slegne saman att. Den første ordførar etter kommunesamanslåinga var prost Johnny Bakke. Sandane vart kommunesenter i storkommunen. Her hadde kommunen bygd heradshus i 1956. Det karakteristiske tårnet gjorde at folkevittigheita kalla heradshuset for «Elias-kyrkja» etter ordføraren, Elias Faleide.

Lote på nordsida av Nordfjorden var ein del av Gloppen til 1992. På gloppesida av fjorden ser vi Ryssfjøra til venstre og Anda til høgre i biletet. I bakgrunnen kneisar Ryssdalshornet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Utskiljing til Eid

I 1992 vart bygdene Lote og Hennebygda på nordsida av Nordfjord skilde frå Gloppen og lagde til Eid kommune.

Møte i Gloppen kommunestyre 1994. Foto: Asle Veien, NRK.

Møte i Gloppen kommunestyre 1994. Foto: Asle Veien, NRK.

Dagens grenser

Idag grensar Gloppen kommune til Bremanger ved Øksenelvane, Flora ved Krokstadvatnet, Naustdal ved Gjengedalsmarka, Jølster i Våtedalen og Stryn på Utvikfjellet.

Trivselshagen

I januar 2014 vart Trivselshagen på Sandane offisielt opna.

Politisk leiing:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 21.01.2014