Hopp til innhold
X
Innhald

Kommunehistoria i Gulen

Kommunehuset i Eivindvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kommunehuset i Eivindvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I dag fylgjer grensa til Gulen kommune i Sognefjorden mot Solund, Hyllestad og Høyanger i nord, sør for Sognefjorden mot Høyanger kommune like aust for Indre Oppedal, og mot Masfjorden kommune i Hordaland langs fylkesgrensa frå Kringla (ved E 39) og vestover til Sløvåg-området.

Den gamle fylkesgrensa ved Dingeneset

Den delen av noverande Gulen kommune som låg sør for Dingeneset, høyrde i dansketida under futen i Nordhordland.

Gulen og Solund saman

Ved innføring av formannskapslovene i 1837 vart kommunegrensene lagde etter grensene for prestegjelda. Såleis omfatta Gulen kommune dei første åra både Evenvig (Eivindvik) sokn - dvs. vestre del av noverande kommune, og Brekke sokn mot aust.

Brekke frå og til

Mest omskifte som kommuneeining har Brekke kommune hatt fram gjenom tida: Den høyrde først til «storkommunen» Evenvig/ prestegjeld frå 1837 til 1850. Så vart Brekke sjølvstendig kommune i 1850, etter at folk i Brekke gjorde krav på eigen kommune.

Kommunen blir Gulen

Kommunen blir kalla Gulen, og det blir indre strid.

Brekke eigen kommune att i 1904

I 1888 vedtok kommunestyret med 18 mot 5 røyster å dele kommunen i to etter fjorden. Fylkestinget avslo søknaden. Men spørsmålet om deling kom opp på ny.

Sløvåg Industripark. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sløvåg Industripark. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Medlem i regionråd og HAFS

Gulen kommune samarbeider med kommunane i Nordhordland i Regionrådet for Nordhordland og Gulen, og i Gulen og Masfjorden Utbyggingsselskap kring utvikling av Fensfjordprosjektet og hamna i Sløvåg i tilknyting til Statoil Mogstad. Gulen er også med i det interkommunale plan- og utviklingssamarbeidet HAFS, skipa 1992, saman med grannekommunane Solund, Hyllestad, Fjaler og Askvoll.

Politisk leiing:

Andre historier:

Synsk kvinne i kommunalt oppdrag

Eitt av dei mest kuriøse kommunale vedtak i Sogn og Fjordane må vere då formannskapet i Gulen i 1983 inviterte den såkalla synske kvinna Anna Elisabeth Westerlund til Gulen for å peike ut den gamle Gulating-staden.

Herresalen var kommunehus

Prost Niels Griis Alstrup Dahl bygde ein staseleg prestebustad like ved kyrkja i Eivindvik. Huset vart kalla «Herresalen».

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.01.2012