Hopp til innhold
X
Innhald

Kommunehistoria i Hornindal

Grodås i Hornindal. Foto: Ottar Starheim, NRK

Grodås i Hornindal. Foto: Ottar Starheim, NRK

Starta som del av Eid

Frå innføringa av formannskapslovene i 1837 til 1867 var Eid og Hornindal ein kommune. Etter kommunedelinga i 1867 gjekk den vestlege grensa til Hornindal ved Skaugset på sørsida av Hornindalsvatnet og ved Åsebø på nordsida av vatnet.

Knut Kirkhorn var første ordføraren.

Knut Kirkhorn var første ordføraren.

Første ordførar i Hornindal var kyrkjesongar og stortingsmann Knut Kirkhorn - sjå: Kjende personar i Hornindal. Ein viktig grunn for at Hornindal vart skilt frå Eid, var Hornindalsvatnet, der det kunne vere uframkomeleg i lange periodar vinterstid på grunn av dårleg is.

Kortvarig ekteskap med Stryn

Ved kommunereguleringa i 1964 vart Hornindal kommune lagt ned, og hovudparten av kommunen gjekk inn i storkommunen Stryn saman med Innvik kommune. Dei vestlegaste bygdene av Hornindal langs vatnet, på sørsida frå og med Holmøyvik og vestover, og på nordsida frå og med Navelsasker og vestover, gjekk til Eid.

Eigen kommune att

Honndølene fann seg aldri til rette i storkommunen, og etter iherdig lobby-arbeid – ikkje minst av «gamleordførar» Kåre Maurset, vedtok Stortinget å gjenopprette Hornindal som eigen kommune i 1977. Kåre Maurset vart første ordførar i den restaurerte kommunen. Men Hornindal fekk ikkje med seg tilbake dei delane av gamle-Hornindal som gjekk til Eid i 1964.

Kommunehuset

Etter 2. verdskrig fungerte ei ombygd tyskarbrakke som kommunehus, i bruk fram til 1995. I 1995 tok kommunen i bruk nytt rådhus på Grodås – «Smia».

Kommunehuset Smia. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kommunehuset Smia. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Politisk leiing:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.11.2011