Hopp til innhold
X
Innhald

Kommunehistoria i Høyanger

Lavik var kommunesenter i Lavik kommune, som eksisterte fram til 1964. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lavik var kommunesenter i Lavik kommune, som eksisterte fram til 1964. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den første kommuneskipnaden i denne delen av Sognefjorden heitte «Ladevig Præstegjelds formannskapsdistrict» frå 1837 til 1853.

Første ordføraren var kaptein Jacob Gabriel Lund 1838-1853.

Grovt sett fylgde grensene for denne kjempestore kommuneeininga dagens kommunegrenser mot aust. Men i vest hang Bø sokn (Leirvik) med i Lavik kommune heilt fram til Hyllestad kommune vart skipa i 1862.

Men «Ladevig» låg på begge sider av den vêrharde Sognefjorden og var tungdriven, og i 1853 vart den delt i ein vestleg og ein austleg del. Ut av delinga kom kommunen Lavik lengst vest på nordsida av fjorden, medan sør- og nordsida lengst aust vart det nyskipa «Klævold herred».

«Ladevig herred»

(Ladevig Præstegjelds formannskabsdistrict) var den vestlege luten av noverande Høyanger kommune, pluss litt til: På nordsida av Sognefjorden strekte «nye» Lavik kommune seg frå og med Bø sokn i vest, til og med Norevikane i aust. Kommunesenteret var Lavik.

I 1862 vart Hyllestad kommune skipa ved at Bø sokn frå Lavik kommune og Øn sokn frå Askevoll kommune vart slegne saman til ein ny kommune.

Lavik og Brekke i kortvarig ekteskap

I ein kort periode frå 1850 til 1859 var Brekke eigen kommune ved at dette «kapellsoknet» vart skilt ut frå Evenvig kommune - Gulen kommune. I 1859 vart Brekke slege saman med med Lavik sokn og innlemma i Lavik kommune.

Dette ekteskapet mellom nord- og sørsida varde berre til 1904. Då skilde sørsida seg ut att som Brekke kommune, medan nordsida heldt fram som Lavik kommune. Desse kommunegrensene heldt seg heilt til den store kommunereguleringa i 1964.

Les meir om bygdespenningane mellom Brekke og Lavik nedanfor.

«Klævold herred»/Kyrkjebø kommune

Ved oppdelinga av «storkommunen» Ladevig i 1853 vart den austlege delen døypt til «Klævold herred».

Første ordførar var kaptein Johan Jacob Fasting (1805-1879) 1853-1855. I 1890 endra kommunen namn til Kirkebø, og frå 1917 til det nynorsk-klingande Kyrkjebø. Kyrkjebø kommune strekte seg på nordsida av Sognefjorden frå Norevikane i vest, til og med Måren og Flæte i aust. På sørsida frå Åkre i vest til og med Ortnevik i aust. Kommunesenteret var Kyrkjebø, der gjestgiveriet var møterom for kommunestyret dei første åra.

Men sjølv om storkommunen Ladevig vart delt i 1853, så hadde dei to nye kommunane felles skulevesen og fattigstell heilt fram til 1879, og kvart år vart det halde eit sammøte der ein sette opp budsjett for felles driftsobjekt.

Tanken om eige kommunehus vart reist i 1881, men først i 1914 vart det bygt kombinert kommunehus og skulehus på Kyrkjebø.

Dette huset på Kyrkjebø vart bygt i 1914 og fungerte både som kommunehus og skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dette huset på Kyrkjebø vart bygt i 1914 og fungerte både som kommunehus og skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bygdestrid førde til kommuneskilsmisse

I den amputerte Lavik kommune lengst vest sat vart det temmeleg urolege kommunegrenser i åra som fylgde. Mykje av dette hadde samanheng med spenningar og bygdestrid mellom folket i Brekke sokn på sørsida og i Lavik sokn på nordsida:

I 1859 vart Brekke og Lavik samla til ein kommune. I denne kommunen hang også Bø sokn med fram til 1862, då det vart skilt ut for å utgjere ein del av den nyskipa Hyllestad kommune. Men sør- og nordsida måtte slite med kvarandre i kommuneekteskap heilt fram til det endeleg skilsmålet mellom Brekke og Lavik i 1904.

Kappestriden mellom Brekke og Lavik

Bygdene Brekke og Lavik kappast støtt om å vere størst og fremst, og etter at Bøfjorden med Leirvik vart skilt frå og gjekk inn i den nyskipa Hyllestad kommune i 1862, vart det endå meir «jamvekt» mellom sør- og nordsida i folketal.

Denne kappestriden spissa seg til då Lavik Sparebank vart skipa i 1882. Alt frå skipingsdagen var det tydeleg at ein kompromissa, for banken fekk namnet frå nordsida - men kontoret sitt i Brekke. Men i 1893 tvinga nordsida sparebankkontoret over til Lavik.

Høyanger vinteren 2009. Frå å vere ei bortgøymd fjordgrend er staden no kommunesenter. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Høyanger vinteren 2009. Frå å vere ei bortgøymd fjordgrend er staden no kommunesenter. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Sørsida fekk overtaket

Men sørsida gav seg ikkje. I 1901 fekk sørsida overtaket att, og fekk kontoret tilbake til Brekke. Nordsida furta med å starte eigen privatbank.

Når vi veit at det oftast var dei same karane som på den tida rådde for styre og stell både i bankvesen og kommunestyre, så kan vi skjøne at det vart konfliktar også i kommunestyringa av slikt. I 1904 sprakk difor Lavik kommune, og det meste av sørsida vart no Brekke kommune.

Uvisst av kva grunn, vart likevel den austlegaste bygdene på «Lavik sørside» - dvs. bygdene frå Indre Oppedal, rundt Ikjefjorden og til Åkre, framleis hengande med i Lavik prestegjeld og kommune heilt fram til 1964, då Lavik gjekk inn i storkommunen Høyanger.

Inn i storkommune med nytt namn

Ved kommunereguleringa i 1964 vart Lavik og Kyrkjebø kommunar slegne saman til Høyanger kommune med Høyanger som administrasjonsstad. Rådhuset i Høyanger vart bygd i 1956.

Rådhuset i Høyanger. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Rådhuset i Høyanger. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kommunepolitikk og interessekamp

Dei sterke motsetningane mellom det gamle bondesamfunnet og den nye industribyen i Høyangsfjorden toppa seg i 1920. Då kravde «Høyanger Skattyterforening» at Høyanger vart fråskild Kyrkjebø som eigen kommune.

Kommunen i dag

Høyanger kommune grensar idag til Hyllestad kommune mellom Bekken og Lavikdal, mot Fjaler kommune sør for Guddalen, mot Gaular kommune frå Ytredal ved Vadheim til Gaularfjellet, mot Balestrand kommune frå Gaularfjellet til Lånefjorden, mot Vik aust for Ortnevik, mot Hordalandskommunane Modalen og Masfjorden i Stølsheimen, og mot Gulen kommune ved Tredal.

Politisk leiing:

Brannbilen til Høyanger Brandvern i 1944. Dei første åra var det NACO som hadde ansvaret for brannvernet i Høyanger.

Brannbilen til Høyanger Brandvern i 1944. Dei første åra var det NACO som hadde ansvaret for brannvernet i Høyanger.

I dag er det kommunen som har ansvaret for brannvernet i Høyanger. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I dag er det kommunen som har ansvaret for brannvernet i Høyanger. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Andre historiesider:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.02.2012