Hopp til innhold
X
Innhald

Kommunehistoria i Luster

Luster Rådhus i Gaupne. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Luster Rådhus i Gaupne. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Frå innføringa av formannskapslovene i 1837 vart noverande Luster kommune skipa i tre kommuneiningar: Luster, Jostedal og Hafslo. I 1965 vart kommunane Hafslo, Luster og Jostedal slegne saman til storkommunen Luster, med administrasjonsstad i Gaupne.

Dei gamle kommuneeiningane:

Hafslo sentrum. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hafslo sentrum. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hafslo kommune

Hafslo-bygda vart frå gamalt av kalla "Folk" - seinare «Fylkesbygda», og kommunesenteret i denne kommunen var ved storgarden Mo ved Hafslovatnet. Første ordføraren i Hafslo kommune i 1838 var Ola Trondson Lid (1788-1853). Ved skipinga av kommunen i 1837 vart Kinsedal og Ornes sokn overførte frå Årdal/Lærdal prestegjeld til Hafslo. Den gamle Hafslo kommune omfatta såleis på austsida av Lustrafjorden: Ytre Kroken, Ornes og Kinsedal. På vestsida av fjorden: Solvorn, Ytre Hafslo, Veitastrond, og Molland, Fet, Joranger, Marifjøra, som utgjer Indre Hafslo - og grenda Eikum ved Lustrafjorden. Ved Marifjøra grensa Hafslo kommune mot Luster kommune i Røneidsberget.

I dette huset heldt kommuneadministrasjonen i Hafslo kommune til frå 1955. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I dette huset heldt kommuneadministrasjonen i Hafslo kommune til frå 1955. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fram til 1875 heldt kommunestyret møta sine i ei lite stove på prestegarden. I 1875 bygde Hafslo kommune eige kommunehus på"Hauståkrane". Hafslo bygde nytt kommunehus i 1955.

Dale var kommunesenteret i den opphavelege Luster kommune. Dette biletet er teke rundt 1900. Til venstre for Dale kyrkje ser vi Kvitevoll. Dette huset er no på De Heibergske Samlinger/Sogn Folkemuséum på Kaupangerskogen. Foto: Johan Rumohr Døsen. Eigar:Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Dale var kommunesenteret i den opphavelege Luster kommune. Dette biletet er teke rundt 1900. Til venstre for Dale kyrkje ser vi Kvitevoll. Dette huset er no på De Heibergske Samlinger/Sogn Folkemuséum på Kaupangerskogen. Foto: Johan Rumohr Døsen. Eigar:Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Luster kommune

Luster kommune hadde kommunesenteret sitt i Luster-bygda. Melchior Schelderup Olsson Fuhr vart første ordførar i 1838. På austsida av Lustrafjorden gjekk grensa mot Hafslo kommune mellom Indre og Ytre Kroken, og på vestsida mellom Marifjøra og Gaupne ved Røneidsberget. Mot Jostedal kommune gjekk grensa mellom Alsmo og Myklemyr. Vigdal på "Jostedal-sida" av fjellet høyrde også inn under gamle Luster kommune.

Bankhuset som vart reist i 1919.

Bankhuset som vart reist i 1919.

Dei første åra vart kommunestyremøta haldne i høvelege privathus i Luster - frå 1847 hjå Tomas Klingenberg. Men i 1849 sto den nye fastskulen ferdig på Bringebakkane i Luster (sjå: Fastskular i Luster), og frå då av vart denne nytta til kommunale møte. Kommunestyremøte vart også haldne i den gamle Tingstova på Døsen - sjå: Handelsstaden Døsen.

Luster Sparebank bygde eige hus i Luster i 1900. Men bygget brann i 1912, og i nybygget som stod ferdig på Fuhr i 1913, fekk kommunen kontor. Der heldt administrasjonen i Luster kommune til fram til kommunesamanslåinga i 1965.

Myklemyr i Jostedalen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Myklemyr i Jostedalen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Jostedal kommune

var ein av dei minste kommunane i fylket med under 1000 innbyggjarar då den gjekk inn i storkommunen Luster i 1965. Den grensa mot Luster kommune sør for Myklemyr, men sidedalen Vigdal høyrde til gamle Luster kommune. Jostedal kommune var den siste kommunen i fylket som var utan elektrisk straum, og fekk ikkje kraftforsyning før i 1958. Jostedal kommune nytta frå 1885 skulehuset på Bjørk som "kommunehus" fram til 1907, då kommunen kjøpte eit hus på Bruvoll som Christoffer Kronen hadde nytta som handelsbu. I huset var det plass til kommunestyresal, kontor for sparebanken, og ei folkeboksamling.

Kommunehuset i Jostedal, bygt i 1949, har etter kommunesamanslåinga i 1965 vore både skule og bank, og er no bustadhus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kommunehuset i Jostedal, bygt i 1949, har etter kommunesamanslåinga i 1965 vore både skule og bank, og er no bustadhus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nytt kommunehus vart bygt like ved i 1949. Dette huset vart etter kommunesamanslåinga i 1965 nytta som skulehus fram til 1968 for folkeskulen og framhaldsskulen. Dessutan var det banklokale for Jostedal Sparebank- og legekontor fram til 2000, då det var selt til privatbustad.

Storkommunen Luster

vart skipa ved den store kommunereguleringa i 1965. Rådhuset i Gaupne vart bygt i 1968.

Rådhuset i Gaupne. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Rådhuset i Gaupne. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Målforma i kommunane

Nynorsk vart teke i bruk som administrasjonsmål i Luster og Hafslo kommunar i 1911, og i Jostedal i 1923.

Politisk leiing

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.04.2011