Hopp til innhold
X
Innhald

Kommunehistoria i Naustdal

Det siste kommunestyret i Vevring, fotografert 29.12. 1963, tre dagar før kommunen vart formelt oppløyst og vart ein del av Naustdal kommune. Framme frå venstre: Torleiv Førland, Audun Hegrenes, Jørgina Vetvik, Oddvin Stubhaug og Johannes Thingnes. Bak frå venstre: Torolv Horne, Alfred Steindal, Abraham Aalen, Agnar Thingnes, Sigvald Gjelsvik, Lars Osland, Arthur Hatlelid, Erling P. Bjørndal, Ludvik A. Apalset og Dagfinn Kristiansen.

Ved innføringa av formannskapslovene i 1837 vart Førde prestegjeld delt i to kommunar: Førde, som omfatta sokna Holsen, Førde og Naustdal - og Vevring sokn, som vart eigen kommune.

Vevring kommune omfatta bygder på begge sider av Førdefjorden: På nordsida frå og med Redalen og Helleneset i aust til og med Horne i vest. På sørsida av fjorden frå og med Hestvik i aust til og med Flokenes i vest.

Kart over Vevring kommune i 1919. Kommunen hadde om lag like stort areal på sørsida som på nordsida av fjorden. Ved kommunereguleringa i 1964 gjekk sørsidebygdene inn i Askvoll kommune.

Kart over Vevring kommune i 1919. Kommunen hadde om lag like stort areal på sørsida som på nordsida av fjorden. Ved kommunereguleringa i 1964 gjekk sørsidebygdene inn i Askvoll kommune.

Johannes Skorven var første ordførar i Vevring kommune 1838–1857. Vevring kommune vart delt mellom Naustdal og Askvoll ved kommunereguleringa i 1964: Bygdene på sørsida av Førdefjorden gjekk til Askvoll, og dei på nordsida til Naustdal.

I «storkommunen» Førde var prokurator Andreas Gunnerus Lind første ordførar 1838–1840. I 1887 sette Mathias Veien og Daniel Horstad seg i spissen for kravet om å skilje ut Naustdal sokn som eigen kommune frå Førde. 100 naustedøler skreiv under kravet, som m.a. var grunngjeve med lange reiseavstandar til Førde. Fylkestinget støtta kravet.

Kart over Naustdal kommune før samanslåinga med Vevring i 1964. Dette kartet er frå 1919, og vi ser at kommunen også omfatta fleire bygder på sørsida av Førdefjorden. Desse er i dag ein del av Førde kommune.

Amtmannen gjekk imot, og det same gjorde departementet. Men då lausrivingskravet vart reist på nytt i 1894, gjekk det lettare, og Naustdal vart eigen kommune frå 1. januar 1896. Gunder Thune var første ordførar 1896-1907. I 1902 bygde kommunen kombinert kommune- og skulehus i Naustdal. I 1973 vart det nye kommunehuset teke i bruk.

Ved kommunereguleringa i 1964 gjekk bygdene på sørsida av fjorden til Førde – d.v.s. bygdene frå og med Furevik i aust til og med Hellevang i vest.

Møte i kommunestyret i Naustdal.

Møte i kommunestyret i Naustdal.

Naustdal kommune grensar idag mot Flora kommune frå Svortevik til Ramsdalsheia, mot Gloppen kommune frå Ramsdalsheia til Longevasshytta, mot Jølster frå Longevasshytta til Kupefjellet, og mot Førde frå Kupefjellet inst i Angedalen til Førdefjorden i stranda vest for Kvieneset.

Økonomisk krise på 1920-talet

Nedgangstider og økonomiske problem etter satsing på kraftutbygging gjorde at både Vevring og Naustdal kommune var nær ved å verte sette under statleg administrasjon midt på 1920-talet.

Kommunehuset i Naustdal. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kommunehuset i Naustdal. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Politisk leiing:

Andre historiesider:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 15.12.2010