Hopp til innhold
X
Innhald

Kommunehistoria i Stryn

Stryn kommune var fram til 1965 i hovudsak Strynedalen opp til Strynefjellet og Loen. Dette er Stryn sentrum i 2008. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Stryn kommune var fram til 1965 i hovudsak Strynedalen opp til Strynefjellet og Loen. Dette er Stryn sentrum i 2008. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Etter innføringa av formannskapslovene i 1837 hadde Stryn kommune om lag same utstrekning som den har i dag. Den første ordføraren var kjøpmann Peter L. Brandt på Tonning.

I 1845 vart Stryn delt i to kommunar – Stryn og Innvik: Stryn kommune omfatta i hovudsak bygdene i Strynedalen og Loen. Innvik kommune var «delt» av fjorden: På Nordsida grensa kommunen mot Gloppen ved Hopland, og mot Stryn kommune ved Faleide. Nordover i Markane strekte Innvik kommune seg til Sindre. På sørsida av Nordfjord gjekk grensa mot Stryn mellom Loen og Olden, og mot Breim og Gloppen på Utvikfjellet og ved Moldreim.

Olden ville bli eigen kommune på 1930-talet, men staten sa nei. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Olden ville bli eigen kommune på 1930-talet, men staten sa nei. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fleire gonger i mellomkrigstida fremja ei aksjonsgruppe i Olden framlegg om at Olden skulle skiljast ut frå Innvik kommune som eigen Olden kommune. Innvik kommunestyre gjekk i 1932 med 18 mot 6 røyster inn for deling, men fekk ikkje medhald frå sentralt hald.

Fram til 1848 høyrde dei to øvste gardane i Frøysadalen i Sunnylven; Nordbrekke og Vollset, til Flo-bygda i Oppstryn. Ved ein kongeleg resolusjon i 1848 vart dei overførde frå Stryn kommune til Sunnmørs-kommunen Sunnylven.

Fram til 1965 utgjorde bygdene på begge sider av Nordfjorden Innvik kommune. Unnataket var Loen, og grensa mellom Stryn og Innvik gjekk på Staveneset midt på dette biletet, som er teke frå Robjørgane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Innvik kommune kjøpte hotell

I 1910 kjøpte Innvik kommune hotellet til Olai J. Tenden på Faleide.

Økonomisk katastrofe

Bygging av kommunalt kraftverk i 1920 i Markane vart ein økonomisk katastrofe for Stryn kommune og Stryn Sparebank. Dyrtid og nedgangstider gjorde at både kommunen og banken vart sette under administrasjon av staten, og først ved akkord i 1937 kom dei seg ut av vanskane.

Rake krins frå Innvik til Stryn

Rake skulekrins omfatta grendene frå Loen og vestover langs fjorden. Rake krins høyrde heilt fram til 1929 til Innvik kommune. Men då var det for lengst bygd riksveg mellom Stryn og Loen, og Rake vart overflytta til Stryn kommune.

Hornindal var ein del av Stryn kommune i 12 år. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hornindal var ein del av Stryn kommune i 12 år. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Samanslåing

Ved kommunereguleringa i 1965 vart Innvik, Stryn og storparten av Hornindal slegne saman til storkommunen Stryn. Første ordførar i storkommunen var Knut Mork. Honndølene var sterkt misnøgde med å hamne i storkommunen, og fekk i 1977 Stortinget til å skilje Hornindal ut att som eigen kommune (sjå Kommunehistoria i Hornindal).

På Utvikfjellet går grensa mot Gloppen kommune nokre hundre meter ovanfor Karistova.

På Utvikfjellet går grensa mot Gloppen kommune nokre hundre meter ovanfor Karistova.

Kommunegrenser

I dag grensar Stryn mot kommunane Stranda på Sunnmøre og Skjåk i Oppland ved fylkesgrensa, mot kommunane Luster og Jølster oppe på Jostedalsbreen, mot Gloppen kommune på Utvikfjellet og ved Moldreim, mot Eid kommune ved Hopland og Holmøyane, og mot Hornindal kommune i Markane ved garden Sindre.

Kommunehuset i Stryn som vart bygt i 1943. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kommunehuset i Stryn som vart bygt i 1943. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kommunale bygg

I Stryn sentrum vart kommunehuset sterkt skadd etter bombing i 1940. Nytt rådhus stod ferdig på Tonning i 1943. Seinare vart kommuneadministasjonen flytta til andre bygg i Stryn sentrum. I dag held kommuneadministrasjonen til i leigde lokale i Stryn Torg.

Stryn kommune er mellom leigetakarane i Stryn Torg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Stryn kommune er mellom leigetakarane i Stryn Torg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Stryn kommune var ei av dei første i landet som innførte 9-årig ungdomsskule i 1956. Den var også den første som tilsette kommunal tiltakssekretær (1967) og reiselivssjef (1978) i Sogn og Fjordane. Kommunen bygde kulturhus i 1971, som m.a. husar ei av landets eldste folkeboksamlingar (gjeven av Jakob Tonning i 1797), og ei kunstsamling etter Ansgar Leiten. Huset brann i 1985, men vart bygd opp att, ferdig 1991. Kommunen bygde symjehall 1973, og bygde fylkets første storhall for idrett – Strynehallen – i 1987.

Kulturhuset i Stryn vart bygt i 1971 som det første i sitt slag i Sogn og Fjordane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kulturhuset i Stryn vart bygt i 1971 som det første i sitt slag i Sogn og Fjordane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stryn Symjehall vart bygd i 1973. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Stryn Symjehall vart bygd i 1973. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Politisk leiing:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 17.03.2011