Hopp til innhold
X
Innhald

Kommunehistoria i Vågsøy

Måløy. Foto: Stig Silden.

Måløy. Foto: Stig Silden.

Måløy vert økonomisk senter

Frå innføringa av formannskapslovene i 1837 og til 1910 var Selje og Vågsøy ein kommune, med Selje både som kyrkjestad og som administrasjonssenter.

Endring i fiskeria og motorisering av fiskeflåten gjorde Måløy til det naturlege fiskerisenteret i Nordfjord frå slutten av 1800-talet. I 1900 vart Vågsøy skilt ut frå Selje som eigne kyrkjesokn.

To Vågsøy-kommunar vert skipa

Etter sterke lokale ynskje, vart så kommunane Sør- og Nord-Vågsøy skilde ut frå Selje kommune i 1910. Grensa mellom Nord- og Sør-Vågsøy gjekk på Vågsøya mellom Oppedal og Kvalheim i vest (Stallbrekka), og i aust noko sør for Ulvefaldene. På fastlandssida hadde Sør-Vågsøy grense mot Selje ved Hagevik, og mot dåverande Davik kommune ved Angelshaug.

Raudeberg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Raudeberg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Måløy var administrasjonssenter i Sør-Vågsøy, Raudeberg i Nord-Vågsøy. Første ordførar i Sør-Vågsøy var kjøpmann Kristen J. Sunde, og i Nord-Vågsøy lensmann Olaf Refvik.

Kvifor to små kommunar?

Sjølv på den tida - då det var langt fleire kommunar i Sogn og Fjordane enn no - vart dei to Vågsøy-kommunane dei aller minste i areal i heile fylket. Kva var så grunnen til at Vågsøya vart delt slik – i to kommunar?

Forklaringa låg i den bondedominerte Nord-Vågsøy: Sjølv om Raudeberg hadde fått nokre få «avleggarar» frå Måløy-veksten, så var bygdene i Nord-Vågsøy framleis sterkt dominerte av den tradisjonelle næringskombinasjonen jordbruk og fiske. Nord-vågsøyværingane såg difor med otte på at deira landbruksprega bygder kunne verte overkøyrde av dei «urbane» og handelsretta måløyværingane dersom dei gjekk saman i ein felles Vågsøy-kommune.

Etter at kjøpmann Kristen J. Sunde og kommunestyrerepresentantane S. Skavøpold og Hans Våge i eit felles brev tok opp spørsmålet om utskiljing av Vågsøy som eigen kommune i 1906, så protesterte folket i Nord-Vågsøy. Og dei vart høyrde: I eit samrøystes Selje kommunestyre den 31. oktober 1906 vart det vedteke å søkje oppdeling av storkommunen Selje i tre kommunar: Sør-Vågsøy, Nord-Vågsøy og Selje.

Nord-Vågsøy kommunestyre i 1963. Framme frå venstre Anders Berntsen, varaordførar John Lillestøl, ordførar Leif Iversen, Ingolf Nordbø og Klaus Berg. Bak frå venstre Martin Hagen, Kristoffer P. Kvalheim, Adolf Refvik, Monrad Eide, Sigvard Halsør, Ingebrigt Sætren, Ragnvald Myhre, Jon Myre, Ragnar Hals, John Bakke og John Rutledal. Foto: Henrik Hamre. Eigar: Vågsøy kommune/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Nord-Vågsøy kommunestyre i 1963. Framme frå venstre Anders Berntsen, varaordførar John Lillestøl, ordførar Leif Iversen, Ingolf Nordbø og Klaus Berg. Bak frå venstre Martin Hagen, Kristoffer P. Kvalheim, Adolf Refvik, Monrad Eide, Sigvard Halsør, Ingebrigt Sætren, Ragnvald Myhre, Jon Myre, Ragnar Hals, John Bakke og John Rutledal. Foto: Henrik Hamre. Eigar: Vågsøy kommune/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

I Justisdepartementet vart søknaden om oppdeling av Vågsøy i to mini-kommunar møtt med undring; særleg fordi det no var planlagt veg mellom Måløy og Raudeberg. Men trass i skepsisen i departementet vart søknaden om tredeling komen i møte, og i 1910 vart kommunedelinga gjennomført. Men sjølv om Vågsøy vart delt i to kommunar, fekk dei felles lensmann. Då Vågsøy lensmannsdistrikt vart skipa i 1917 vart Olaf Refvik, som var ordførar i Nord-Vågsøy, tilsett. Han budde på Raudeberg, og heilt fram til vegsambandet Måløy-Raudeberg vart opna i 1923 måtte Refvik rykkje ut med motorbåt når noko dramatisk hende sør i Måløy!

100-årig krav om bystatus

Ambisjonane om bystatus på line med Florø hadde Måløy-folket alt på 1890-talet: I eit innlegg i «Fjordenes Blad» (Fjordabladet på Nordfjordeid) i 1897 stiller ein innsendar spørsmålet: «Naar skal Moldøen blive by?». I samband med skipinga av Sør-Vågsøy kommune i 1910 vart spørsmålet om bystatus reist på nytt, og den eineståande reguleringsplanen som kommunen fekk utarbeidd for Måløy i 1918 – med mange gater, alléar og parkar, bytrikk, jerbanestasjon og fastlandsbru – legg også opp til at staden utviklar seg mot bystatus. Også i 1930 tok handelsforeninga opp kravet om bystatus utan å få gjennomslag. I 1946 tok huseigarane i den sålkalla «bygningskommunen» Måløy på nytt opp kravet om at Måløy med omland måtte verte bykommune. Først etter at kommunestyra sjølve fekk høve til å utpeike byar, vart Måløy i 1997 – 100 år etter at saka først vart reist - den tredje byen i fylket etter Florø og Førde.

Heradsheim. Foto: Arild Nybø, NRK.

Heradsheim. Foto: Arild Nybø, NRK.

Tidleg ute med rådhus

I 1915 vart rådhuset «Heradsheim» i Måløy sentrum bygd (Byggmeister Olav Fagerlid, Raudeberg). I Heradsheim heldt elles Ulvesund Kreditbank, postkontor og telefonstasjon hus. Nord-Vågsøy bygde eige kommunehus i 1920. Det brann i 1930. Heradsheim fungerte som rådhus for Vågsøy kommune fram til 2008, men kommunen leigde også kontorlokale i andre bygningar i Måløy. I 2007 gjorde kommunen avtale med eigedomsselskapet Skramsheim ved Amund Gotteberg om å leige eit større forretningsbygg ved Gate 1 på Skram – der Måløy Glasmagasin held til - som rådhus. Bygget vart mykje utvida nordover for å gje plass til dei kommunale kontora som vart tekne i bruk i 2008.

Nord-Vågsøy bygde eige kommunehus i 1920. Det brann i 1930. Sidan heldt kommuneadministrasjonen til i sparebanken sitt bygg. Begge Vågsøy-kommunane fekk store økonomiske problem i krisa på 1920-talet, men fekk i 1938 ei gjeldsordning. – Les også historia om Stryn kommune og Flora kommune kring gjeldskrisa på 1920-talet.

Ny storkommune

Ved kommunereguleringa (Schei-komitèen) 1965, vart Sør- og Nord-Vågsøy kommunar slegne saman, med Måløy som administrasjonssenter. I nord fekk Vågsøy kommune tillagt bygdene Sørpollen, Osmundsvåg og Silda frå Selje kommune. På fastlandet i aust fekk Vågsøy bygdene t.o.m. Bryggja/Maurstad frå den nedlagde Davik kommune, og dessutan øyane i Fåfjorden: Husevågøy og Gangsøy. Men sjølv om den nye Vågsøy kommune no vart «storkommmune» og vart ein av dei folkerike kommunane i Sogn og Fjordane, så vart den framleis den minste kommunen i fylket i areal.

Vågsøy kommunestyre i 1984 med den yngste ordføraren i landet, 26 år gamle Rolf Domstein frå Høgre. Ukjend fotograf. Eigar: Vågsøy kommune/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Vågsøy kommunestyre i 1984 med den yngste ordføraren i landet, 26 år gamle Rolf Domstein frå Høgre. Ukjend fotograf. Eigar: Vågsøy kommune/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Mange bygdelister

Heilt fram på 1990-talet var kommunepolitikken i Vågsøy prega av eit uvanleg stort tal bygdelister utan partipolitisk tilknyting. Under striden kring fastlandssamband tidleg på 1960-talet, fekk ei eiga «Bruliste» med skyssbåtførar Karl Lofnes i spissen inn representantar i kommunestyret (sjå Måløybrua).

Folkerøysting om ølsal

Ved ei folkerøysting om omsetnadsforma for øl i 1969 vart det stort fleirtal i Vågsøy kommune for butikksal av pils og bayerøl. Før den tid måtte ølet bestillast i heile kassar på Hansa Bryggeri sitt lager i Måløy, noko som førte til relativt stor omsetnad av sterkølet Export. Etter ei ny folkerøysting i 1976 var diskesalet stoppa, men kom tilbake i 1986.

Politisk leiing:

På dette biletet frå toppen av Hornelen ser vi store delar av Vågsøy kommune, med Måløy midt i biletet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På dette biletet frå toppen av Hornelen ser vi store delar av Vågsøy kommune, med Måløy midt i biletet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.10.2011