Hopp til innhold
X
Innhald

Kommunen blir Gulen

Møte i kommunestyret i Gulen. Foto: NRK.

Møte i kommunestyret i Gulen. Foto: NRK.

Utvær skilde lag med Gulen i 1854

Dei sørlege øyane i Solund høyrde frå gamalt til Utvær kyrkjesokn - seinare Husøy kyrkjesokn.
På 1800-talet var det godt sildefiske og stor aktivitet i Solund. Dessutan var det tungvint for sulingane å bli administrerte frå Eivindvik. Sulingane vann difor fram med kravet om å skilje ut Utvær/Husøy som eigen kommune i 1854, men hadde likevel felles skulestell og fattigstell saman med Gulen heilt fram til 1893. Den einaste øya på nordsida av Sognesjøen som framleis ynskte å halde fast ved sambandet med Gulen, var Losna, lengst inne mot fastlandet. Losna vart høyrande til Gulen kommune heilt fram til 1964.

Kommunen tek Gulen som namn

Det som no var att av den gamle storkommunen, var øyar og dei vestlege bygdene som høyrde til Eivindvik kyrkjesokn. I nasjonalreisingstida på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet var det mange kommunar som kvitta seg med dei gamle kommunenamna som var knytte til den kyrkjelege ordninga med prestegjeld. I staden henta dei fram gamle, norrøne stadnamn. Såleis vart «Ytre Holmedal» og «Indre Holmedal» kommunar i Sunnfjord til Fjaler og Gaular kommunar i 1911. I 1890 endra Det kgl. Finans- og Tolddepartement kommunenamnet frå Evenvig til Gulen, trass i at kommunestyret gjekk samrøystes imot namneendringa. Nynorsk vart administrasjonsmål i Brekke i 1899 og i Gulen i 1911.

Spenningar og bygdestrid i indre

I den indre luten bygde det seg også etter kvart opp spenningar mellom nord- og sørsida i Lavik kommune - særleg etter at Bøfjorden og Leirvik gjekk til Hyllestad kommune i 1861. Etter denne frådelinga, vart det brått jamvekt i folketal mellom sør- og nordsida - ein situasjon som lett innbyr til kappestrid. Heilt frå starten var det is på ruta: Så lenge ekteskapet varte, hadde sokna på sør-og nordsida kvart sitt budsjett for skule, kyrkje og fattigstel. Også vegprioriteringane skapte bitter strid.

I denne bygningen i Brekke var det både bank og kommuneadministrasjon. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I denne bygningen i Brekke var det både bank og kommuneadministrasjon. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sparebank-striden

Striden kring sparebankplasseringa på slutten av 1800-talet illustrerer usemja i den gamle Lavik kommune: Banken vart skipa i 1882 med namnet Lavik Sparebank. Heilt frå skipinga var det tydeleg at ein kompromissa: Den fekk namn etter Lavik, men hadde einaste kontoret sitt i Brekke. I 1893 tvinga nordsida sparebankkontoret over til Lavik. Men sørsida gav seg ikkje. I 1901 fekk dei overtaket att, og fekk kontoret tilbake til Brekke, og nordsida furta med å starte eigen privatbank. Når vi veit at det som oftast var dei same karane som i dei dagar rådde med styre og stell både i bankvesen og kommunestyre, er det lett å skjøne at bankkonflikten også farga av i kommunestyringa.

Neste side:

Brekke eigen kommune att i 1904

Førre side:

Brekke frå og til

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.11.2011