Hopp til innhold
X
Innhald

Økonomisk krise på 1920-talet

Kraftverket i Hovefossen gjekk dårleg og førde til økonomiske vanskar for Naustdal kommune.

Kraftverket i Hovefossen gjekk dårleg og førde til økonomiske vanskar for Naustdal kommune.

Nedgangstider og økonomiske problem som fylgde med kraftverket i Hovefossen og den mislukka satsinga på eit stort, interkommunalt kraftverk i Ålfoten, gjorde at både Vevring og Naustdal kommune var nær ved å verte sette under statleg administrasjon midt på 1920-talet.

Vevring kommune vart hardast råka fordi den var med i Ålfot interkommunale kraftselskap. Då dette havarerte måtte eigarane, fylket og kommunane i Nordfjord og ytre Sunnfjord, slite med gjelda og auka fylkesskattar i årevis. Vevring kommune smaug seg så vidt unna kravet frå fylkesmann Ingolf Christensen om å setje kommunen under statleg administrasjon.

For Naustdal sitt vedkomande råka tapa på kraftverket i Hovefossen hardt. Kraftverket sleit med stadige havari og lite kraftsal.

Det enda til slutt med at Staten måtte gjennomføre gjeldssanering både for Vevring kommune og Naustdal kommune for å få dei ut av uføret.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.12.2009